Stearin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stearin var den vanlegast brukte komponenten i levande lys. Nå inneheld såkalla stearinlys ofte i røynda parafin, som i motsetning til stearin er framstilt frå petroleum. Stearin kan også brukast som feitkomponent i såpe.

Ordet «stearin» kjem frå det greske stear som tyder talg. Feittstoffet, som har eit smeltepunkt på 72 gradar celsius, er framstilt frå levande organismar, for eksempel oljehaldige planteslag som palme, eller som eit biprodukt i kjøttproduksjon. Stearin er glyserinesteret til stearinsyre. Jo meir feitt det er i stearinen, desto fastare er konsistensen i normal romtemperatur.


Kjelde[endre | endre wikiteksten]