Steart-halvøya

Koordinatar: 51°12′36″N 3°02′06″W / 51.210°N 3.035°W / 51.210; -3.035
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steart Point

Steart-halvøya er ei halvøy i Somerset i England. Heilt ytst på halvøya ligg Fenning Island og ytst på denne ligg Steart Point. Ho består hovudsakleg av lågtliggande, flatt jordbruksland, og strekkjer seg nordover på vestsida av Stockland Reach, dei nedre delane av estuaret til River Parrett.

Bridgwater Bay, eit nasjonalt naturreservat, ligg nord for halvøya.

Hovudbusetnaden på halvøya er landsbyen Steart, men to andre landsbyar, Stockland Bristol og Otterhampton ligg ved foten av halvøya.

Vest for halvøya ligg landsbyen Stolford og Hinkley Point, og i sør ligg landsbyen Combwich.

Steart-halvøya har vorte råka av flaum mange gonger. Den mest alvorlege var i 1981. I 1997 førte ein kombinasjon av kysterosjon, høg flo og bølgjer til flaumvernet stod i fare for å bryte saman. Det er derfor lagt planar for å utbetre flaumvernet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Stolford to Combwich Coastal Defence Strategy Study» (PDF). Environment Agency. Arkivert frå originalen (PDF) 27. september 2007. Henta 31. oktober 2007. 


51°12′36″N 3°02′06″W / 51.210°N 3.035°W / 51.210; -3.035