Stedje stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Portal frå Stedje stavkyrkje, no i Bergen museum. Etter teikning av Georg Andreas Bull

Stedje stavkyrkje var ei stavkyrkje i Sogndal i Sogn og Fjordane, som vart riven i 1867. Det er bevart to portalar frå kyrkja, i Bergen museum, i tillegg til nokon mindre bygningsdelar med runeinnskrifter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stedje stavkyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til gamle Stedje stavkyrkje

Stavkyrkjegranskaren Lorentz Dietrichson meinte at det måtte vera Stedje stavkyrkje som er omtala i Sverresoga. Der blir det fortalt at kong Sverre gav ordre om å brenna ned alle gardane i Sogndal. Kyrkja skulle sparast, men heldt på å ta fyr av varmen frå dei brennande gardane. Birkebeinarane redda ho då med å hengja våte segl over ho. Han meiner at kyrkja må vera bygd kort tid før dette.[1]

Ved ei synfaring i 1665 uttalte allmugen ønskje om at kyrkja måtte "med maling beprydes".[1] Den eine hovudstolpen i nordre hjørne var då rotna. Det blir òg nemnt pulpitur og ein takryttar. Koret må ha vorte rive før 1722, men svalgangane var bevarte. I rapporten frå 1722 heiter det: "Stedje kirke er en gammel stavbygning og koret af tømmer og svaler paa begge sider og østen brøst og et støpeltaarn fra grunden, tækt med bord og inden malet og vel vedligeholdt."[1] Uttrykket "østen brøst" tyder truleg at tømmerkoret hadde rettlinja avslutning, altså utan apsis. Tårnet som stod i vestre ende av kyrkja, var eit seinare tilbygg.[1]

Stavkyrkja vart riven i 1867 og erstatta av noverande Stedje kyrkje.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Tverrsnitt av Stedje stavkyrkje. Etter teikning av Georg Andreas Bull

Stedje stavkyrkje var ei treskipa kyrkje med 16 søyler. Som i Borgund stavkyrkje var det eit ope søyleintervall på begge langsider, som opna gjennomgang for ei nordre og ei søndre dør. Også i aust og vest opna eit dobbelt søyleintervall for inngang til koret og inngang til midtskipet. I overveggen var det seks lysglugger på kvar langside. Då kyrkja vart riven var det bygd på eit lafta kor og eit tårn i vestre enden av kyrkja.

Skipet var 42 fot gonger 32 fot (om lag 13 m x 10 m). Høgda til toppen av taket var 50 fot (om lag 16 m).[1]

Innskrifter[endre | endre wikiteksten]

I Bergen museum finst det eit fotstykke av ei av søylene frå kyrkja, med ei runeinnskrift på. Innskrifta er tolka av Aslak Liestøl på denne måten (med normalisert norrøn stavemåte):

Þenna staf gaf Sigríðr á Hv[áli f]yrir sálu Arndórs ok sér til miskunnar.

Dette kan omsetjast:

Denne staven gav Sigrid på Kvåle for sjela til Arndor og til miskunn for seg.

Dette namnet har vorte sett i samanheng med den Arnþórr af Hváli - Arntor frå Kvåle, som er nemnd i Sverresoga som ein av leiarane for sogningane i 1183-84, men som ikkje er nemnd i samband med slaget ved Fimreite i 1184. Dietrichson sluttar av dette at den Arndor som er nemnd i innskrifta, er den Arntor som er nemnt i Sverressaga, og at han må ha døydd ein gong i 1184, før slaget ved Fimreite. Runologane Magnus Olsen og O. Rygh var ikkje samde i denne tolkinga, men såg det som meir truleg at runeinnskrifta viste til ein eldre Arntor.

Ei anna runeinnskrift som stammar frå Stedje stavkyrkje vart oppdaga i 1930. Innskrifta vart funnen på ei gammal dør frå kyrkja, som hadde vorte brukt om att i eit hus i Sogndalsfjøra. Innskrifta er kort, og er lesen som asuin. Det har ikkje lykkast å finna ei språkleg meining i innskrifta.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 287-291.
  2. Magnus Olsen og O. Rygh, Norges innskrifter med de yngre runer (Oslo, 1957), s. 189-193

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]