Steel Wheels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steel Wheels
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 29. august 1989
Innspelt 29. mars til 5. mai 1989,
15. mai til 29. juni 1989,
Air Studios (Montserrat)
Sjanger Rock
Lengd 53:03
Selskap Rolling Stones/Columbia
Rolling Stones/Virgin (remaster)
Produsent Chris Kimsey og
The Glimmer Twins
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
Dirty Work
(1986)
Steel Wheels Flashpoint
(1991)

Steel Wheels er eit album av The Rolling Stones frå 1989. Det vart utropt som eit stort comeback då det kom ut og er kjend for at Mick Jagger og Keith Richards vart vener igjen under innspelinga, at bandet gjekk tilbake til den meir opphavlege stilen deira og for at albumet vart etterfølgd av den største verdsturneen bandet hadde hatt til då. Det var òg det siste albumet som bassist Bill Wyman spelte på med The Rolling Stones, då han trekte seg frå bandet i januar 1993.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter Dirty Work frå 1986 og Jagger sitt sideløp som soloartist hadde forholdet mellom han og Richards vorte særs dårleg. Medan Jagger gav ut Primitive Cool i 1987 til lunken mottaking, gav Richards ut det første soloalbumet sitt, Talk is Cheap, i 1988 til begeistra kritikk. Åra frå kvarande såg ut til å ha hjelpt så pass på forholdet deira at dei no kunne halde fram partnarskapet sitt og bandkarrieren.

Dei møttest igjen i januar 1989, like før The Rolling Stones vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og kjemien mellom Jagger og Richards overstrålte skilnadane dei hadde. Dei komponerte om lag femti songar på berre nokre veker, og Ronnie Wood, Bill Wyman og Charlie Watts vart tilkalla for å starte innspelinga av det som vart Steel Wheels. Chris Kimsey vart hyrt inn som medprodusent, som han hadde vore på Undercover.

Plata vart spelt inn i Montserrat og London i løpet av våren med tanke på at Steel Wheels skulle ha den klassiske Rolling Stones-stilen og vere i plate utan den keisame produksjonen og svake songmaterialet som mange følte hadde skjemd dei førre platene, som Dirty Work. Den einaste songen som dreiv i ei anna retning var «Continental Drift», som var inspirert av austleg musikk og som var ein hyllest til Brian Jones. Jagger og Richards la fortida bak seg og innspelinga av Steel Wheels gjekk forholdsvis harmonisk for seg.

Den massive Steel Wheels-turneen starta i august 1989, samstundes med at Steel Wheels' kom ut i lag med første singelen «Mixed Emotions». Singelen vart den siste store hitten deira i USA, der han nådde femteplassen. Kritikarane tok godt i mot albumet og Steel Wheels nådde andreplassen i Storbritannia, tredjeplassen i USA og førsteplassen i Noreg. Oppfølgjarsinglane var «Rock and a Hard Place», «Almost Hear You Sigh» og «Terrifying». Den gigantiske Steel Wheels-turneen, som enda på sommaren 1990, etter å ha skifta namn til Urban Jungle Tour, vart ein enorm økonomisk suksess, og The Rolling Stones var tilbake for fullt. I 1990 filma Fox ein 3-D spesial for TV. Ein IMAX-film frå turneen kom ut året etter.

Albumet vart det første Rolling Stones gjorde digitalt.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Sad Sad Sad»   3:35
2. «Mixed Emotions»   4:39
3. «Terrifying»   4:53
4. «Hold On To Your Hat»   3:32
5. «Hearts For Sale»   4:40
6. «Blinded By Love»   4:37
7. «Rock and a Hard Place»   5:25
8. «Can't Be Seen»   4:10
9. «Almost Hear You Sigh» (Mick Jagger/Keith Richards/Steve Jordan) 4:37
10. «Continental Drift»   5:14
11. «Break the Spell»   3:07
12. «Slipping Away»   4:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Chuck Leavell - orgel, piano, keyboard
  • Matt Clifford - keyboard, piano, elektrisk piano, clavinet, harmonium
  • Lisa Fischer - korvokal
  • Bernard Fowler - korvokal
  • Sarah Dash - korvokal
  • Phil Beer - mandolin, fele
  • Luis Jardim - perkusjon
  • Roddy Lorimer - trompet
  • Sonia Morgan - korvokal
  • Tessa Niles - korvokal
  • The Kick Horns - blåsarar
  • Master Musicians of Jajouka med Bachir Attar Farafina - afro-marokkanske instrument

Kjelder[endre | endre wikiteksten]