Stefan Heggelund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stefan Heggelund, 10. august 2013.
Foto: Kjetil Ree.

Stefan Magnus Brittmark Heggelund (fødd 8. oktober 1984 i Oslo) er ein norsk politikar (H). Han har vore innvald på Stortinget frå Oslo sidan 2013. Her er han medlem i arbeids- og sosialkomitéen.

Han meldte seg inn i Unge Høgre i 1999. Politisk reknar han seg sjølv som liberalkonservativ.[1] Han var leiar i Vestre Aker Unge Høgre 2002–2004 og leiar i Oslo Unge Høgre 2005–2006.[2] Heggelund blei kåra til vinnar av Unge Høgres fremste skulering, Elitekurset, i 2004.[3] Vidare var han medlem av Unge Høgres sentralstyre 2006–2010; 2. nestleiar 2007–2010. I 2010 tapte han kampen om leiarvervet i organisasjonen mot Henrik Asheim. Han var byrådssekretær for byråd Merete Agerbak-Jensen i Oslo i 2007 og 2009.

Heggelund blei innvald i Oslo bystyre i 2011, og fekk plass i kultur- og utdanningskomiteen.[4] Vinteren 2012 blei han nominert som Høgres 6. kandidat til Stortinget frå Oslo, og blei innvald ved valet hausten same året.[5]

Han har studiekompetanse frå Hartvig Nissens skole og studiar i informasjon og samfunnskontakt (PR) og kommunikasjonsleiing frå Handelshøyskolen BI. Han var kommunikasjonsrådgjevar i JKL Group AS 2009–2011 og Nordic Choice Hotels AS 2011–2013. I 2012 blei han kåra til eit av landets største kommunikasjonstalent av Dagens Næringsliv.[6]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kandidaten 2011: Stefan Heggelund. Liberaleren (9. september 2011).
  2. Stefan M. B. Heggelund.
  3. Lehre, Lasse (2010) Elitekurset gjennom 50 år – Unge Høyres Landsforbund.
  4. Stefan Heggelund.
  5. Søreide på topp i Oslo Høyre. Verdes Gang (11. februar 2013).
  6. Norges største kommunikasjonstalenter. Dagens Næringsliv (23. mars 2012).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stefan Heggelund