Stefan Horngacher
Stefan Horngacher (fødd 20. september 1968) er ein austerriksk, tidlegare skihoppar frå Wörgl i Tirol. Han vann to VM-gull, 1991 og 2001, med Austerrike i laghopp, samt fem bronsemedaljar i laghopp i ulike verdsmeisterskap og olympiske leikar i tida 1992-2001.
Innhaldsliste |
Aktiv [endre]
Horngacher slo gjennom internasjonalt i 1990/91-sesongen, då han endå på fjerdeplassen i den totale verdscupen. I løpet av sin lange karriere vann han to renn i verdscupen. Den fyrste sigeren kom i skiflyging i 1991 i Kulm og den andre i Zakopane i 1999.
Sesongane 1995 og -96 var Horngacher mykje plaga av sjukdom, alvorleg smitta av Yersinia-bakterien, og deltok knappast i hoppbakken.
Horngacher vann heile sju VM- eller OL-medaljar med Austerrike sine lag i laghopp. Derimot vann han ingen individuelle medaljar i dei store meisterskapane. Hns beste plasseringar i verdsmeisterskap kom under Ski-VM 2001 i Lahti, der han vart nummer fire i normalbakken og nummer fem i storbakken. Det var i den same meisterskapen at han vann VM-gull i laghopp i normalbakken, og fekk bronse i laghopp i storbakken.
Han la opp i 2002.
Medaljar i laghopp i internasjonale meisterskap [endre]
- VM 1991 i Val di Fiemme: Gullmedalje, saman med Ernst Vettori, Andreas Felder og Heinz Kuttin
- VM 1993 i Falun: Bronsemedalje, saman med Vettori, Kuttin og Andreas Goldberger
- OL 1994 på Lillehammer: Bronsemedalje saman med Kuttin, Goldberger og Christian Moser
- OL 1998 i Nagano: Bronsemedalje, saman med Martin Höllwarth, Reinhard Schwarzenberger og Andreas Widhölzl
- VM 1999 i Ramsau: Bronsemedalje, saman med Höllwarth, Schwarzenberger og Widhölzl
- VM 2001 i Lahti: Gullmedalje og bronsemedalje; saman med Höllwarth, Wolfgang Loitzl og Goldberger
Verdscupsigrar [endre]
| Dato | Stad | Land |
|---|---|---|
| 24. januar 1991 | Bad Mitterndorf | Austerrike |
| 16. januar 1999 | Zakopane | Polen |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Stefan Horngacher» frå Wikipedia på bokmål, den 2. desember 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Stefan Horngacher» frå Wikipedia på tysk, den 2. desember 2012.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Resultatoversikt hos FIS (engelsk)