Stefano Mei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stefano Mei


Statsborgarskap Italia
Fødd 3. februar 1963 (61 år)
La Spezia
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Stefano Mei (fødd 3. februar 1963) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå La Spezia, som deltok internasjonal på mellom- og langdistanse. Han vart europameister på 10 000 meter i 1986.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha mislukkast i å nå finalane på 1500 m ved VM 1983 og OL 1984 vann Mei 5000 m under Universiaden 1985 i Kobe, ein siger han forsvarte fire år seinare i Duisburg.

I 1986-sesongen var Mei i sitt livs form og sette personleg rekord på 10 000 m med 27.43,9. Høgdepunktet var likevel EM 1986 i Stuttgart. I 10 000 meter-løpet gjekk alle medaljane til Italia, Mei vann på tida 27.56,7, medan Alberto Cova og Salvatore Antibo kom på dei andre medaljeplassane. Fem dagar etterpå tok Mei sølvmedaljen på 5000 meter på ny personleg rekord; 13.11,5, britiske Jack Buckner sigra med 13.10,1.

Fire år seinare, under EM 1990 i Split, fekk Mei bronsemedaljen på 10 000 meter. Landsmannen Salvatore Antibo var heilt suveren og vann med ein margin på over 20 sekundar, Mei deltok så i spurten om dei andre medaljane, men måtte gje tapt mot norske Are Nakkim i kampen om sølvmedaljen. På 5000 m vart Mei nummer sju.

Mellom 1981 og 1994 deltok Mei i 43 landskampar. Han vann åtte italienske meisterskap.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]