Stein
Stein viser til bergartar, og blir særleg brukt om bitar av berg og stein som materiale. Det er mykje brukt i mannsnamn og stadnamn, både åleine og som del av eit samansett namn.
Innhaldsliste |
Stein som materiale [endre]
Stein er i regelen eit solid og slitesterkt materiale som særleg blir brukt i monumentalbygg, som tempel, slott og viktige offentlege bygg. Det kan skjerast til i blokker og formast til skulpturar eller relieff. I helleform kan stein brukast på golv eller tak.
I Noreg har det vore mindre brukt som byggemateriale, men lause steinar er blitt brukte til å laga steingardar og grunnmurar og til vardebygging.
Steinar kan polerast og brukast som smykkestein. Mindre steinar blir kalla grus, medan sandkorn er så små at dei ikkje blir rekna som steinar.
-
Hus av stein på den skotske øya Skye.
-
Monumentalbygg som Nidarosdomen er ofte blitt bygd i stein.
-
Vignola castello i Modena.
Stein som stadnamn og slektsnamn [endre]
Namnet Stein på ein gard kan visa til ein stor kampestein eller bautastein som stod på garden.
Stein som personnamn [endre]
Stein er særleg brukt i mannsnamn, og kan visa til det solide og vernande ved ein stein. Namnet var mest brukt i Noreg på 1950-talet.
Nokre namnesamansetjingar for menn er Arnstein, Torstein og Øystein. Steinhild, Steinlaug og Steinunn er meir uvanlege kvinnenamn.
Kjende namneberarar [endre]
- Stein Rokkan (1921-1979), norsk statsvitar og sosiolog
- Stein Johnson (f. 1921), norsk idrettsmann
- Stein Eriksen (f. 1927), norsk alpinist
- Stein Tveite (f. 1930), norsk historikar
- Stein Mehren (f. 1935), norsk forfattar og kunstnar
- Stein Ørnhøi (f. 1935), norsk politikar (SV)
- Stein Knutsen (f. 1946), ordførar i Vestre Toten
- Stein Ove Berg (1948-2002), norsk musikar
- Stein Buan (f. 1952), norsk forfattar
- Stein Erik Tafjord (f. 1953), norsk jazzmusikar
- Stein Iversen (f. 1957), ordførar i Flakstad
- Stein Versto (f. 1957), norsk forfattar
- Stein Erik Lauvås (f. 1965), ordførar i Marker
- Stein Rønning (1965-2008), norsk karateutøvar
- Stein Torleif Bjella (f. 1968), norsk musikar
Sjå òg [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Søk etter norsk namnestatistikk for Stein hjå Statistisk Sentralbyrå