Stein Eriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stein Eriksen (fødd 11. desember 1927) er ein tidlegare norsk alpinist.

Sportskarriere[endre | endre wikiteksten]

Eriksen vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1951. Året etter vann han gullmedalje i storslalåmkonkurransen i Vinter-OL 1952 i Oslo. I slalåmkonkurransen enda han på andreplass og fekk sølv.

Stein Eriksen på Trollstigrennet omkring 1952.

For dei olympiske prestasjone sine vart Eriksen tildelt Holmenkollmedaljen i 1952 (delt med Torbjørn Falkanger, Heikki Hasu og Nils Karlsson).

Kort tid etter den olympiske suksessen, flytta Stein Eriksen til USA, der han sidan har budd og livnæra seg som skiinstruktør.

Faren, Marius Eriksen konkurrerte i Sommar-OL 1912 i turn.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]