Stein Rokkan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stein Rokkan (4. juli 192122. juli 1979) var ein norsk statsvitar og sosiolog. Frå 1966 var han professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, og året etter han døydde vart Institutt for samanliknande politikk skipa der. Stein Rokkan var utdanna innan filosofi, og assisterte Arne Næss i 1950- og 1960-åra. Deira vitskaplege krins skipa Institutt for samfunnsforsking i Oslo i 1950. Frå då hadde Rokkan ei viktig rolle i oppbygginga av samfunnsfaga, statsvitskapen og særleg samanliknande politikk, i Noreg.

Rokkan var oppteken av å studera politiske prosessar, parti og konfliktar. Han er kjend for sin innsats for å ta i bruk dataverktøy innan samfunnsvitskapane.

Rokkan sine to kanalar for innflyting[endre | endre wikiteksten]

Stein Rokkan skilde mellom hovudsakleg to kanalar for politisk makt i eit demokrati. Ein kanal er den talmessige eller numeriske der røyster gjevne i val og gjev grunnlag for parlamentarisk makt. Ein annan kanal er den korporative. I den korporative kanalen påverkar styrken til organisasjonane kva som vert avgjerda i politiske saker. Rokkan formulerte det som «votes count, but resources decide», stemmar tel, men ressursar avgjer. Dei folkevalde tek sine avgjerder under påverknad av interesseorganisasjoner.

Rokkan sine modellar[endre | endre wikiteksten]

Rokkan står bak ei rad modellar for stats- og nasjonsbyggingprosessar, med særleg tanke på Europa. Blant dei kan nemnast modellane for dei fire fasane for stats- og nasjonsbygging, dei fire revolusjonane, dei fire kritiske valpunkta for partidanning, dei fire institusjonelle tresklane for politisk deltaking og skiljelinemodellen. Historikaren Jens Arup Seip var svært kritisk til dei sterkt generaliserande modellane til Rokkan, og meinte Rokkan tvinga europeisk historie inn i «modellenes tyranni». Til dette svara Rokkan at Seip på si side ikkje greidde å fanga opp dei store linene i historia, og leid under «detaljenes tyranni».

Fire kritiske valpunkt er ein av Rokkan sine modellar og gjeld stats- og nasjonsbyggingprosessar:

Skiljeliner og kritiske periodar
Kritiske periodar Skiljeline Sentrale konfliktpunkt
Reformasjonen/motreformasjon Sentrum vs periferi Nasjonal vs supra-nasjonal religion
Nasjonal revolusjon 1789 og utover Kyrkje vs stat Verdsleg vs. geistleg kontroll av masseutdanning
Industriell revolusjon 1800-talet Primær vs sekundær sektor Toll politikk: frihandel vs. proteksjon av jordbruksprodukt
Arbeidstakarar vs arbeidsgjevarar Føretaksfridom vs. statleg kontroll; arbeidstakaranes vs. arbeidsgjevarane sine rettar
Russiske revolusjon 1917 og utover Kommunisme vs sosialisme Integrasjon i nasjonalstaten vs støtte til internasjonale revolusjonære rørsler


Verv[endre | endre wikiteksten]

  • President i International Political Science Association (1970-73)
  • Visepresident i International Sociological Association (1966-1970)
  • Formann i European Consortium for Political Reserach (1970-1976) som han var ein av intiativtakarane til
  • President i International Social Science Council under UNESCO (1973-1977)
  • Formann i Nordisk Forbund for Statskundskab (1975-1976) som han tok iniativ til etableringa av
  • Fagleg leiar for Norsk samfunnsvitenskapleg datatjeneste (1975-1979) som han stod i bresjen for å etablere og byggje ut.

Heider og ære[endre | endre wikiteksten]

Innan European Consortium for Political Reserach blir det holdt ein Stein Rokkan førelesning ved det årlege arrangementet «Joint Sessions og Workshops». International Political Science Association har oppretta eit Stein Rokkan Memorial Fund som skal brukast til studentreisestipend. International Social Science Council har oppretta ein Stein Rokkan pris for framdragande forskningsbidrag av yngre forskarar, og det same har Norsk samfunnsvitenskapleg datatjeneste gjort. I 1979 vart Rokkan utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hagtvet, Bernt (red.): Politikk mellom økonomi og kultur. Stein Rokkan som politisk sosiolog og inspirator, Oslo 1992. ISBN 82-417-0124-1
  • Rokkan, Stein: Stat, nasjon, klasse : essays i politisk sosiologi, Oslo 1987. ISBN 82-00-02533-0