Stein Ørnhøi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stein Ørnhøi
Fødd15. november 1935 (88 år)
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti, Sosialistisk Folkeparti
Yrkepolitikar, journalist
Utdanna vedForsvarets høyskole Sjefskurs
MedlemNei til EU
Alle verv

Stein Ørnhøi (fødd 15. november 1935 i Trondheim) er ein norsk politikar for SV. Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 1977 og på ny i 1981.

Ørnhøi er utdanna frå Levanger lærarskule (1958), tok handelsskuleeksamen i 1959 og gjekk i 1982 sjefskurs ved Forsvarets Høgskule. Han var lærar i Oslo og Tune frå 1956 til 1963.

Frå 1961 til 1963 var han produsent for fleire barneprogram for TV og vart tilsett som produksjonssekretær i NRK frå 1963 til 1965. I åra frå 1965-1973 og 1975-1977 var han programsekretær i NRK. Etter nokre år som stortingspolitikar har han så vore frilansar i NRK frå 1985 til 1992. I 1994-1995 var han teatersjef ved Teater Ibsen.

Ørnhøi var nestleiar i Nei til EF i perioden 1992–1993 og leiar i Nei til EU frå 1995 til 1997. Han var i fleire år politisk ekspert og kommentator i både NRK og seinare i TV2.

Ørnhøi hadde tillitsverv i SF/SV frå 1961 til 1987.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]