Steinalderen i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fiskekrok av bein, som stammar frå steinalderen. Frå funn i Skåne
Øks og kniv frå steinalderen

Steinalderen er eit namn vi brukar på den epoken i menneskeslekta si historie da dei i hovudsak bruka reiskapar av stein, tre og bein fordi framstilling og bruk av metall enno ikkje var kjend. Vi deler steinalderen inn i tre periodar; paleolittisk (ca. 2 millionar–8000 f.v.t.), mesolittisk (ca. 8000–4000 f.v.t.) og neolittisk (4000–1800 f.v.t.). Steinalderen hadde ulik lengd i ulike delar av verda.

Steinalderen i Noreg deler vi inn i eldre steinalder (10 000–4000 f.v.t.) og yngre steinalder (4000–1800 f.v.t.).

Eldre steinalder[endre | endre wikiteksten]

Eldre steinalder i Noreg (mesolitikum) blir av arkeologene delt inn i følgjande fasar:

  • Fosna- og Komsafasen (10 000–8000 f.v.t.)
  • Tørkopfasen (8000–7000 f.v.t.)
  • Nøstvetfasen (7000–4800 f.v.t.)
  • Tverrpilfasen (4800–4000 f.v.t.)

Yngre steinalder[endre | endre wikiteksten]

Yngre steinalder (neolitikum) deler ein i tre fasar:

  • Traktbegerfasen (4000–3000 f.v.t.)
  • Stridsøksfasen (3000–2400 f.v.t.)
  • Sein-neolitikum (2400–1800 f.v.t.)

Kor kom dei frå...?[endre | endre wikiteksten]

«Nordsjølandet» mellom Danmark og England var pressa opp fordi dei enorme ismassane trykte ned landmassane lenger nord . Etter kvart som presset frå isen minka, havet steig, og Nord-Skandinavia heva seg, forsvann Nordsjølandet sakte men sikkert i havet igjen.

Folket som heldt til her måtte no finne nytt land. Somme trekte seg sørover igjen, mens ein del passerte Norskerenna (som var mykje smalare enn no) i si jakt på reinen og nytt land.

Andre teoriar skildrar innvandring austfrå, via Sverige, eller også frå øyane i vest, direkte til Vestlandet. Kanskje har fleire innvandringsvegar vorte nytta samtidig. Same kva kant dei kom frå, spreidde folket seg raskt langs kysten.

For Komsakulturen er det uklart om han vart danna på grunnlag av innvandring sørfrå eller austfrå. Nyare forsking viser at dei nordlege områda av Russland var isfrie på denne tida.

Klimaet[endre | endre wikiteksten]

Den første tida etter siste istid var klimaet framleis kjølig i Noreg, men det var likevel varmt nok til at isen smelta og meir av landet vart bert.

I perioden mellom 9 og 8 000 BP (Before Present / før notid) skjedde det store klimaendringar. Temperaturen steig kraftig, og gjennom eldre steinalder var den gjennomsnittlege sommartemperaturen heile 17–18 °C, mot dagens 15. Midt i yngre steinalder fall temperaturane noko, men klimaet var framleis gunstigare enn i dag.

Dei første plantene[endre | endre wikiteksten]

Det første som voks i Noreg etter som isen trekte seg tilbake var algar, deretter kom mose og lav. Etter kvart som temperaturen steig kom òg gras og urter, og dei danna igjen grunnlaget for at lyng og buskar kunne slå rot og vekse her.

Det første treslaget som innvandra var bjørka, og så følgde andre slag, som or, rogn, selje, furu og hassel. Sjølv om bjørka var først ute, så måtte ho vike plassen når det vart varmare. Da tok eik, lind, ask og alm opp konkurransen, og resultatet vart ofte store eikeskogar eller tette blandingsskogar med mange slags lauvtre.

Dei første dyra[endre | endre wikiteksten]

Dei første dyra som kom hit var naturleg nok fuglane. Etter desse kom mindre rovdyr, med reven som det største. Isbreen trekte seg stadig lenger vekk, og vegetasjonen auka såpass at reinen fann det interessant. Etter den følgde dei større rovdyra, og menneska.

Menneska[endre | endre wikiteksten]

Steinaldermennesket såg ut omtrent som vi gjer i dag. Dei som kom hit først var kanskje noko meir grovbygde, men dette forandra seg gradvis, og i yngre steinalder var det ingen vesentleg forskjell i forhold til menneska i dag, bortsett frå at dei gjennomsnittleg var noko lågare.

Gjennomsnittsalderen derimot var under det halve av det han er i dag. Men han auka frå rundt 31 år i eldre steinalder, til over 38 i yngre steinalder. Folk døydde som regel ikkje av alder, men av infeksjonar og sjukdom. Var ein heldig kunne ein altså likevel bli 50 år eller meir. Likevel; den gongen vart ein nok rekna som fullvaksen i 15–16 års alderen, og som gammal i 30-års alderen.

Den tilsynelatande enkle livsforma deira, og mangelen på vesentlege tekniske framsteg gjennom fleire tusen år må sjåast i lys av rikeleg tilgang på mat, kombinert med eit monaleg mildare klima enn det vi har i dag. Ein trur at ein steinaldermann berre måtte arbeide 2–3 timar om dagen for å dekkje familien sitt behov. Steinalderkvinna stelte nok for familien frå morgon til kveld, mens ho dreiv matauk attåt, som sanking og fisking. Dei måtte òg produsere alt av våpen, reiskap og hushaldsutstyr sjølve, og barna måtte sikkert bidra med sitt så snart dei hadde lært å ta seg fram på eiga hand.

Men, så lenge alle var mette og hadde gode klede på kroppen og tak over hovudet, så var det heller ikkje behov for dei heilt store forandringane, verken når det gjaldt bustader, fangstmetodar eller arbeidsreiskapar. Dei kunne altså stort sett ta livet med ro, og det gjorde dei derfor òg, i nokre tusen år.

Vi kan rekne med at mykje tid og tankar vart vigde til datida si tru og rituelle tradisjonar. Dei var jo heilt avhengige av det naturen gav, og hadde nok derfor ei mengd ritar forbundne med fangst og overleving. Dei vende seg da sikkert til forskjellige gudar og naturmakter med sine bønner og offer.

Buplassane[endre | endre wikiteksten]

Menneska i eldre steinalder hadde hovudbuplassane sine ved havet, gjerne ved fjordar og vassdrag som kunne føre dei lengst mogleg innover i landet. Med desse buplassane som utgangspunkt drog dei på jaktekspedisjonar innover i skogane og opp på høgfjellet. Her oppheldt dei seg i lengre eller kortare tid om hausten og vinteren for å jakte på storvilt og pelsdyr.

Ein teori går òg ut på at delar av stammen, kanskje kjernefamiliar, har flytta til innlandet for å drive jakt i vinterhalvåret. Når våren kom flytta dei ut til kysten for atter å delta i fellesskapet, og draga nytte av den rike mattilgangen i havet.

Utover i yngre steinalder vart dei etter kvart noko mindre avhengige av ressursane i havet. Hovudmengda av buplassar fanst kanskje framleis nær havet, men dei busette seg no også fast i innlandet. Herfrå gjorde dei så ekspedisjonar både ut til havet og lenger innover i landet.

Ein typisk buplass låg på ei lettdrenert sand- eller grusslette nær vatnet, med lett tilgang til skog og trevirke. Viss plassen låg ved havet så måtte det også vera ferskvatn rimeleg nært. Plassen skulle helst vera sørvendt (mot sola), og liggja mest mogleg i le for nordavinden. I førstninga var det lite folk og mange plassar, så det var nok berre å velje og vrake mellom dei beste plassane.

Husværet[endre | endre wikiteksten]

I eldre steinalder var det verken praktisk eller nødvendig med store solide byggverk. Dei bytta ofte bustad, og klimaet var mykje betre enn i dag. Dei klarte seg derfor godt med eit skinntelt eller ein enkel gamme. Viss dei, som antyda, hadde hovudbuplassar ved havet, så kan det likevel vera at husværa der var av ein annan størrelse og kvalitet enn dei på fangstbuplassane i innlandet.

Dei kom jo stadig tilbake til dei same plassane, så vi må tru at dei faste opphaldsstadene var tilrettelagde slik at dei raskt kunne få tak over hovudet for kortare eller lengre tid. Sannsynlegvis så stod teltstengene på plass, så det berre var å leggje på skinna, eller dei sette kanskje i stand ein gamme som hadde vore i bruk i mange år.

Ein fin heller var nok òg ein ettertrakta bustad viss han låg lagleg til i forhold til dei årevisse forflyttingane. Utover i eldre steinalder bygde dei etter kvart også «hus», først kanskje som større gammar, deretter meir solide og romslege konstruksjonar.

I yngre steinalder vart husa enda større og meir solide. Klimaet var ikkje lenger fullt så mildt, og på grunn av husdyrhald og enkel åkerdrift vart dei meir og meir bufaste. Men jakt og fiske dominerte framleis, og telt og jordhytter blir framleis bruka av fangstfolk den dag i dag.

Næringsgrunnlaget[endre | endre wikiteksten]

Jakt og fiske, saman med sanking av ville matvekstar, var den einaste måten å livnære seg på dei første 5–6 tusen åra her i landet. Mest ettertrakta var nok vilt som gav mykje mat, slik som rein, elg, hjort og villsvin. Kanskje fanst òg den no utdøydde uroksen i skogane her? Bjørn, ulv, mår og gaupe var nok også ettertrakta for skinnet si skuld. Dessuten var desse rovdyra konkurrentar i matfatet og ofte ein trussel mot menneska, så dei gjekk nok ikkje av vegen for å felle desse når høvet baud seg. I tillegg til storviltet så fanst det bever, hare, storfugl og anna småvilt.

Fisk, sel, småkval (som f.eks. nise) og sjøfugl utgjorde ein stor del av næringsgrunnlaget, og var også hovudgrunnen til at dei i steinalderen var så bundne til havet. Dette var ein lett tilgjengeleg ressurs som sjeldan svikta. Dessutan var muslingar, sniglar og andre smådyr også ettertrakta mat. Tidevassforskjellen og oksygenmengda i havet var større enn i dag, noko som gav enda betre grunnlag for livet der.

Planter, røter, bær og nøtter har vore eit viktig og nødvendig tilskot til kosten. Dessutan var klimaet så mildt at det godt kan ha funnest forskjellige ville frukter her. Og – mest sannsynleg – så var det ein overflod av alt, både på land og i vatnet!

Litt om fangstmetodar[endre | endre wikiteksten]

Det fanst forskjellige metodar for fangst av dei forskjellige artane, men hovudmetodane for fangst av større vilt kan vi tenkje oss har vore desse;

  • Snikjakt, der jegeren venta på viltet bak eit bogestelle, eller sneik seg mot dette.
  • Klappjakt, der ei gruppe jaga viltet mot ventande jegerar.
  • Styrtjakt, der enkeltdyr eller heile flokkar vart jaga utfor stup slik at dei slo seg halvt i hel.
  • Fangstanlegg, der dei ofte bruka stengsel som ei «trakt» for å leie viltet mot desse.

Til fangst av mindre vilt og fugl har dei ganske sikkert bruka forskjellige feller og snarer. I havet vart sel og småkval harpunert frå båt. Selen vart nok også ofte tatt ved å avskjera rømingsvegen mot vatnet mens han var på land, og på isen om vinteren.

Vi trur at fjordane og vassdraga stod stinne av fisk den gongen, og at metodane for å fange desse var omtrent som i dag; Stong eller handsnøre, line med fleire krokar, forskjellige ruser, og harpun til større fisk. Garn og anna flettverk har nok òg vore bruka, særleg som stengsel for stimfisk.

Reiskapsmaterialar[endre | endre wikiteksten]

Det aller meste av det som er funne av etterlatenskapar frå steinalderen er – naturleg nok – restar etter våpen og reiskap laga av flint eller annan stein, pluss mengder av avslag på knakkeplassene der steinen vart arbeidd.

Men vi må hugse at hovuddelen av reiskapar og våpen i datida faktisk var laga av anna og meir forgjengeleg materiale. Plassar der ein har funne meir nyanserte spor frå steinalderen er bl.a. under hellerar der etterlatenskapane har dynga seg opp gjennom tusenåra og vore meir verna mot forvitring. Funn frå slike plassar viser at anslagsvis berre 10 % av reiskapane var av stein, mens resten var av tre, bein, horn, skinn, plantefiber og anna som ikkje så lett motstår "tidas tann". Det vi finn i dag er altså berre nokre bitar av eit stort puslespel. Resten må vi berre prøve å tenkje oss til.

Skinn må ha vore det viktigaste materialet som fanst den gongen. Skinnet vart bruka både til klede, sengeleie, bustad, båtar, tauverk og mykje mykje meir. Utan skinna sine hadde nok ikkje steinaldermennesket stor sjanse til å overleva. I tillegg til skinnet vart også alt anna på dyret utnytta; Feitt, marg, bein, horn, sener, magesekk og tarmar.

Av bein og horn laga dei ei mengd forskjellige reiskapar og våpen. Senene vart til tynne liner, og magesekkene til vasstette behaldarar. Feittet vart bruka i matlaging, til lampevæske og som forskjellig smørjing.

Byttet dei nedla var altså den viktigaste «materialgivaren» for steinalderfolket, i tillegg til maten det gav.

Båten og vassvegen[endre | endre wikiteksten]

Båten har vore grunnleggjande naudsynt for befolkninga av Noreg. Heilt sidan dei første kom hit – i båt! – og langt opp i historisk tid, har han vore det einaste framkomstmiddelet som monna viss ein ville komma seg nokon veg.

Med ein skinnkano, stokkbåt eller flåte hadde dei mykje større rekkjevidd og lastekapasitet enn om dei skulle draga med seg ting over land. Havet, fjordane og innsjøane var hovudvegane den gongen, og det var rundt desse folket oppheldt seg. Her hadde dei tilgjenge til alle havet sine gode, samtidig som dei hadde lettast mogleg tilgjenge til innlandet og jakta der. («Fjord» betyr rett og slett «der ein fer».)

«Bondesteinalderen»[endre | endre wikiteksten]

Eldre- og yngre steinalder blir ofte kalla høvesvis «jegersteinalder» og «bondesteinalder». Det finst ingen brå overgang mellom desse to epokane, men i Sør-Noreg er skiljet sett ved år 4 000 f.v.t. og markerer dermed overgangen til eit gryande husdyrhald og jordbruk.

Det å halde husdyr og dyrke jorda var mykje meir tidkrevjande enn å hente det dei trong direkte frå naturen. Dei kvidde seg nok derfor i det lengste, og når desse nye næringsvegane likevel vart tatt i bruk, må det ha vore av naudsyn. Hovudårsaka har nok vore at det no hadde vorte mindre jaktbart vilt i skogane, samtidig som det hadde vorte ein del fleire menneske.

Nøyaktig kva tid tid husdyrhald og korndyrking vart innførte i dei forskjellige delane av Noreg veit vi ikkje, men det finst ei mengd teoriar. Enkelt sagt vart husdyrhald innført i starten av perioden, mens korndyrking ikkje var utbreidd før eit par tusen år seinare, ved overgangen til bronsealderen.

Husdyra var storfe, sau, geit og svin. Dyra var mindre av størrelse og meir robuste enn i dag, og klimaet var framleis mildare. Med unntak av grisen greidde nok dyra seg stort sett sjølv gjennom vinteren utan noko særleg fôring, i alle fall i låglandet.

I lange periodar dominerte likevel sau og geit husdyrhaldet, særleg i innlandet. Spesielt geita var meir hardfør og mindre krevjande enn storfe, og greidde seg derfor betre gjennom eventuelt hardare vintrar.

Av korn vart det dyrka bygg og kveite, og da truleg i forholdet 70/30 (bygg/kveite). Utbreiinga av korndyrking markerte også slutten på den lange perioden som vi kallar steinalderen, og bronsealderen tar over.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort ei mengd arkeologiske utgravingar, undersøkingar og analyser som gjeld steinalderen i Noreg, men resultata av dette arbeidet finst for det meste berre i rapportar og tidsskriftartiklar som det ikkje er lett for ålmenta å setje seg inn i eller gjere seg kjent med. Av meir lett tilgjengeleg litteratur kan nemnast:

  • Einar Østmo og Lotte Hedeager (red.). 2005. Norsk arkeologisk leksikon. Oslo: Pax forlag. ISBN 82-530-2611-0 ; ISBN 978-82-530-2611-4
  • Arnvid Lillehammer. 2005. Fra jeger til bonde : inntil 800 e. Kr.; Aschehougs norgeshistorie , band I, hovudredaktør: Knut Helle; medredaktørar: Knut Kjeldstadli, Even Lange, Sølvi Sogner. ISBN 82-03-23130-6
  • Bente Magnus og Bjørn Myhre. 1995. Forhistorien : fra jegergrupper til høvdingsamfunn. Norges historie, band I, redaktør Knut Mykland ; biletredaksjon og bilettekstar: Anders Røhr. ISBN 82-02-15315-8
  • Anders Hagen. 1983. Norges oldtid. [Oslo] : Cappelen. ISBN 82-02-09067-9

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bokmålswikipediaen [1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]