Steinar Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steinar Nilsen
Foto: Jarle Vines

Steinar Nilsen (fødd 1. mai 1972) er ein tidlegare norsk fotballspelar frå Tromsø.

Som fotballspelar spelte han i fleire år midtstoppar for Tromsø IL, før han vart seld til AC Milan. Der fekk han lite speletid, men scora mellom anna eit flott mål i cupen. Seinare vart han seld til SSC Napoli der han spelte fast ein periode før han vart skada. Her var han mellom anna kaptein. Steinar Nilsen spelte òg på landslaget, mellom anna i lag med broren Roger Nilsen.

Han kom heim til Noreg og Tromsø IL, der han spelte to sesongar før han la opp. Både i 2005 og 2006 tok han over treneransvaret i klubben etter at hovudtrenarane fekk sparken, og frå sommaren 2006 og ut 2008-sesongen hadde han hovudtrenaransvaret i Tromsø. Etter sesongen sa han opp som trenar for å søke nye utfordringar og 21. november 2008 skreiv han under ein 3-årskontrakt med Sportsklubben Brann. Etter ein dårleg start på 2010-sesongen med Brann, der dei mellom anna rauk ut i cupen for 3. divisjonslaget Fyllingen, trekte Steinar Nilsen seg frå stillinga i mai dette året.