Steinerskulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Merge-arrows.svg
Det er føreslått at denne sida blir fletta med Steinerskular. (Sjå eventuelt diskusjon)

Steinerskule (kalla Waldorf-skule i dei fleste andre land, som i Sverige og i den tysk-, fransk- og delar av den engelskspråklege verda) er ein friskule som byggjer på utdanningsfilosofien formulert av austerrikaren Rudolf Steiner, og som har utspringet sitt i antroposofien.

Sjølv om steinerskulepedagogikken er tufta på antroposofien, blir ikkje skulane definerte som livsynsskular, og antroposofi er ikkje eit eige tema i undervisninga. Kristendommen er likevel fletta inn i fleire av faga. Steinerskulane er i Noreg godkjende som fagleg-pedagogiske alternative skular.

Det finst kring 900 steinerskular i Europa, Nord- og Sør-Amerika, Afrika, Australia og Japan. 34 av desse ligg i Noreg.

Den fyrste steinerskulen vart grunnlagd i 1919 i Stuttgart, av direktøren for Waldorf-Astoria-fabrikken Emil Molt. I Noreg vart den fyrste steinerskulen grunnlagd i Oslo i 1926, Rudolf Steinerskolen i Oslo.

Bakgrunn [endre]