Steinestø–Knarvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MF «Austrheim» ved Knarvik kai.
Foto: B. Ystebo 1987

Knarvik–Steinestø var eit ferjesamband mellom Steinestø i Bergen kommune og Knarvik i Lindås kommune over området der Salhusfjorden, Osterfjorden og Sørfjorden møter kvarandre. Ferjesambandet eksisterte frå 1956 til 22. september 1994.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Steinestø ferjekai, august 2013
Foto: Torstein Fjell
Knarvik ferjekai, august 2013.
Foto: Torstein Fjell

Sambandet Knarvik-Steinestø vart oppretta i 1956. Før den tid var kaien i Knarvik brukt for båtsamband til Bergen.

Men det var starta ferjesamband mellom Steinestø, Isdalstø og Alverstraumen frå 7. juli 1936 med MS «Ruby». Det var då AS Ferjetrafikk som dreiv ruta. Trafikken auka mykje raskare enn venta og selskapet måtte leige inn MS «Kvikk IV» frå 18. juli til 1. september 1936. I juni 1937 vart dekket på «Kvikk IV» utvida for å kunne ta fleire bilar. «Ruby» fekk ikkje fornya sertifikatet sitt ved Skipskontrollen i september 1937, og etter dette var det berre «Kvikk IV» som gjekk i sambandet. «Kvikk IV» vart pårend av DS «Herløfjord» den 23. januar 1938 og måtte til reparasjon. Dei 45 dagane båten var borte gjekk MK «Vågen» i ruta. Frå 14. april 1938 vart MK «Jondal» òg leigd inn i sambandet og gjekk i lag med «Kvikk IV». Svein Wilhelmsen, som eigde «Kvikk IV», skreiv kontrakt med AS Ferjetrafikk om å byggje ei bilferje med plass til 8-10 bilar og 100 passasjerar. Den nybygde ferja MF «Torefjell» gjekk inn i ruta 27. mai 1939 med nye ferjeleier i Steinestø og Isdalstø. Ferja kunne òg ta lastebilar og bussar. Då andre verdskrigen braut ut, vart ferja lagt i opplag, men vart sett i trafikk igjen hausten 1940. 5. mars 1941 vart ferja teken av tyskarane, og kom først attande 23. juli 1945. Frå 22. mars 1941 til «Torefjell» tok over att, gjekk «Kvikk IV» i ruta. Frå 1. januar 1945 til ut på hausten vart ruta driven av Svein Wilhelmsen sjølv, då AS Ferjetrafikk fann det for vanskeleg å skaffe drivstoff til båten.

Etter krigen overtok Svein Wilhelmsen «Torefjell», men ferja var nedsliten og skadd, og «Kvikk IV» gjekk derfor i ruta fram til 1. juni 1946. Sønene til Svein Wilhelmsen, Sverre og Vilhelm, overtok avtalen med AS Ferjetrafikk og oppretta sjølv Brødrene Wilhelmsen Skipsrederi, som leigde ut «Torefjell» til AS Ferjetrafikk.

I 1949 vart den nybygde båten MF «Valestrand» leigd inn som reserveferje frå 10. mai til 11. september. Ho skulle inn i ruta Valestrandsfossen-Breistein, men ferjeleia der var ikkje ferdigbygde og i ventetida vart «Valestrand» nytta i ruta Steinestø-Isdalstø-Alverstraumen. Enkelte turar til Frekhaug var det truleg også. I 1950 var det to ruter, Steinestø-Alverstraumen og Steinestø-Frekhaug-Isdalstø, som begge vart utført av same ferje. Trafikken auka òg MF «Bjørn West» vart leigd inn frå Wilhelmsen. Denne ferja tok 16 bilar og 200 passasjerar. «Bjørn West» gjekk då i ruta Steinestø-Isdalstø, medan «Torefjell» gjekk i ruta Steinestø-Isdalstø-Alverstraumen-Frekhaug. «Bjørn West» vart ombygd våren 1954 og fekk ein bilkapasitet på 19 bilar, i tillegg til gjennomkøyring.

I 1954 vart det bygd ferjeleie i Salhus og frå 1. juni 1954 gjekk «Bjørn West» som einaste ferje i ruta Steinestø-Isdalstø, og «Torefjell» gjekk i ruta Salhus-Frekhaug-Alverstraumen. 5. juli 1956 vart vegen Knarvik-Isdal ferdig, og samstundes vart den nye ferjekaien i Knarvik opna. Dette korta inn reisetida på strekninga frå 30 minutt til 20 minutt. Ferjeleiet i Steinestø vart også utbetra til opninga.

Ei ny ferje vart sett inn i sambandet Steinestø–Knarvik, M/F «Bukken Bruse», som var leigd inn frå Wilhelmsen. Denne ferja tok 30 bilar, men trafikken auka raskare enn venta, og BNT fekk derfor bygd MF «Nordhordland» som tok 35 bilar, og leigde denne ut til A/S Ferjetrafikk.

Frå 1. januar 1967 overtok Bergen-Nordhordland Trafikklag konsesjonen på rutene Salhus-Frekhaug-Flatøy og Steinestø–Knarvik. BNT eigde då 40% av selskapet. Dei overtok samstundes leigekontraktane med Brødrene Wilhelmsen. Selskapet A/S Ferjetrafikk vart avvikla i 1967. Frå 1974 skifta reiarlaget namn til Bergen Nordhordland Rutelag.

Det var det mest trafikkerte ferjesambandet då det vart nedlagt i 1994 etter at Nordhordlandsbrua opna. Ferjene som gjekk før sambandet ble nedlagt var MF «Austrheim», MF «Alversund» og MF «Masfjord» med plass til om lag 140 bilar kvar. Ferjene frakta på det meste kring 6000 kjøretøy dagleg.[1]

Ferjer i sambandet[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NTB-melding 22. september 1994.