Steinkjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steinkjer
Steinkjer.jpg
Geografi
Kommune Steinkjer
Fylke Nord-Trøndelag
Folkemengd[1] 11 908 (2012)
Folketettleik 1 351,6 /km²
Areal[1] 8,81 km²
Annan informasjon



Innbyggjarnamn steinkjerbygg
Preposisjon Steinkjer
Kart
Steinkjer is located in Nord-Trøndelag
64°00′53.5″N 11°29′43.3″EKoordinatar: 64°00′53.5″N 11°29′43.3″E

Steinkjer er ein by og administrasjonssenter i Steinkjer kommune i Nord-Trøndelag fylke med 11 908 innbyggjarar (2012).

Byen er den største i fylket og er sete for fylkesadministrasjonen i Nord-Trøndelag. Han ligg inst i Trondheimsfjorden, som gjer han tilgjengeleg med båt. Dette har gjort det lettare å drive handel til og frå byen. I dag går E 6 gjennom byen, og jernbanestrekninga Trønderbanen har sin endestasjon her. Nordlandsbanen har stopp i Steinkjer på veg mellom Trondheim og Bodø. Bygrensa går i nord ved Eggevammen og i sør ved Figga.

Økonomien i byen bygger i stor grad på industri og jordbruk.

Steinkjer fekk bystatus i 1857. Byen brann ned 1900 og mykje byggverk i tre forsvann, men vart bygd opp att i jugendstil. Den 21. og 22. april 1940 vart byen bomba og på ny lagt i ruinar. Etter den andre verdskrigen vart byen bygd opp att med etterkrigsarkitektur i funkis-stil. Steinkjer med byane Mære og Egge har vore eit historisk maktsentrum som var på sitt største for om lag 1000 år sidan. Det er gjort fleire arkeologiske funn i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
Spire Denne Nord-Trøndelagartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.