Steinsdalsfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°22′14″N 6°6′14″E

Steinsdalsfossen
Stien bak Steinsdalsfossen. (Foto: Willy Haraldsen)

Steinsdalsfossen (i tillegg kalla Øvsthusfossen eller Øfsthusfossen) ligg 2 kilometer vest for Norheimsund i Kvam herad i Hardanger.

Fossen er ein av dei mest vitja i Noreg, og er spesiell fordi det går ein sti bak han som ein kan gå tørrskodd på. Fossen har eit fall på 50 meter og rimeleg god vassføring, særleg under snøsmeltinga i mai og juni.

Steinsdalsfossen er ein del av Fosselva som har sitt utspring frå Myklavatn som ligg 814 moh.

verdsutstillinga i Hannover i år 2000 var Noreg representert med ein installasjon av Marianne Heske der ein stilisert kopi av Steinsdalsfossen var ein viktig del. Denne «fossen» var 15 meter høg.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk