Steinsetjing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steinsett sti på Jomfruhalvøya ved Farris i Larvik.

Steinsetjingar er i vid forstand stein som er planmessig plassert av menneske. Omgrepet kan særleg visa til landskapsforming der ein kler ein flate med stein, eller innan arkeologi til fortidsminne laga med fleire store steinar, særleg steinringar og liknande.

Steinsetting forma som eit skipElgesem i Vestfold.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Steinsetjingar det er vanleg å studera innan arkeologi er dolmen eller dysser, gravrøyser og bautastein, kampestein eller liknande sett opp i sirklar eller andre formasjonar. Noko nyare steinsetjingar kan vera grenserøyser.

Teknikk[endre | endre wikiteksten]

Ved steinsetjing der ein kler ein flate bruker ein i dag gjerne sprengt, rund eller tilhogd stein i eit filterlag av grus. På ein trafikkert flate er det vanleg å bruka brustein av sams storleik. Denne forma for steinsetjing blir kalla brulegging.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]