Steinsfjorden i Lofoten

Koordinatar: 68°13′53″N 13°31′09″E / 68.23139°N 13.51917°E / 68.23139; 13.51917
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°13′53″N 13°31′09″E / 68.23139°N 13.51917°E / 68.23139; 13.51917

Steinsfjorden med Himmeltindan i bakgrunnen

Steinsfjorden er ein fjordVestvågøy i Lofoten. Fjorden strekkjer seg 7,5 km austover til grenda Tangstad.

Fjorden har innløp mellom Skolmneset i nord og Kostbergan i sør. Det er ingen busetnader i den ytre delen av fjorden, men innanfor Bjørnarøya, som ligg midt i fjorden, stikk eit nes ut i fjorden frå aust og deler han i to. På nordsida ligg Mærvollspollen og grenda Mærvoll. På sørsida ligg Tangstadpollen.