Steinskvett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steinskvett


Steinskvetthann Foto: Philippe Kurlapski
Steinskvetthann
Foto: Philippe Kurlapski

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Muscicapidae
Slekt: Oenanthe
Art: O. oenanthe
Vitskapleg namn
Oenanthe oenanthe

Steinskvett eller steindolp (Oenanthe oenanthe) er ein fugl i flugesnapparfamilien.

Utsjånad og læte[endre | endre wikiteksten]

Fuglen er ca. 14 cm og 21-30 gram. Han har kvit panne og overaugestripe. Vengene er svarte. Hannen har blågrå isse og rygg og ei svart stripe gjennom auget. Hoa har brungrå overside. Songen er melodiske kvitre- og skurelydar.

Utbreiing og taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Arten er utbreidd i Europa, Russland, Sentral-Asia, Alaska, Canada, Grønland og Island. Steinskvetten vert inndelt i tre underartar:

  • O. o. oenanthe - storparten av fuglane høyrer til nominatforma.
  • O. o. leucorhoa (grønlandssteinskvett) - hekkar i Canada, på Grønland og Island.
  • O. o. seebohmi - hekkar i det nordvestre Afrika.

Biotop og utbreiing i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Fuglen lever i opent og steinet terreng. I Noreg finst steinskvetten over heile landet, men er mest talrik i fjellet. Han finst òg på Svalbard. I Skandinavia er det nominatunderarten oenanthe som hekkar. Elles vert ofte den vestlege underarten leucorhoa sett i Noreg i trekktida. Den norske hekkebestanden er rekna til 500 tusen til 1 million par. Truleg er arten i tilbakegang grunna gjengroing og redusert husdyrbeite.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Steinskvetten et larvar, insekt og edderkoppdyr. Om hausten kan han òg eta bær og frø.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Reiret er laga av plantedelar og ligg i holrom i bakken, under steinheller eller liknande plassar. Hoa legg 5-7 lyseblå egg i mai-juni. Rugetida er 14 døgn. Ungane blir i reiret to veker. Steinskvetten vert kjønnsmoden etter eitt år og kan leva i sju år. Par kan halda saman i fleire år og koma tilbake til det same hekkeområdet, men hannen parar seg gjerne med fleire hoer. Røyskatt og kråker kan ta reir.

Steindulp er eit anna namn på fuglen.

Trekkvanar[endre | endre wikiteksten]

Steinskvetten er ein typisk trekkfugl, og dei første fuglande flyg ut av Noreg i august, medan hovudtrekket går føre seg i september. Trekket sørover frå Skandinavia går på brei front, men fuglar frå Sør-Noreg ser ut til å trekke gjennom Danmark, Tyskland og vidare sørover gjennom Frankrike, Spania og Portugal, og Marokko eller Algerie. Frå Nord-Afrika flyg dei over Sahara til overvintringsområda i Vest-Afrika. Steinskvettar frå Nord-Noreg flyg truleg sørover mot Austersjøen og langs austkysten av Sverige sørover. Nokre fuglar flyg kanskje aust for Austersjøen. Underarten leucorhoa vert sett i Noreg, spesielt på Vestlandet, i trekktidene. Denne underarten hekkar i det nordaustlege Canada, på Grønland og Island, og kryssar søraustover frå midt i august over Atlanterhavet til Vest-Europa på veg sørover til overvintringsområda i Afrika. Desse ligg frå Senegal og Sierra Leone til Mali i aust. Fleire gjenfunn av ringmerka fuglar på dei britiske øyane og vidar sør i Europa viser dette. Steinskvettane er territorielle i vinterområda, både mot artsfrendar og andre steinskvettartar. Det same er tilfelle på rasteplassar langs trekkrutene då individ etablerer tidsavgrensa beiteområde. Dei første steinskvettane flyg frå vinterområda i januar, og i Algerie passerer fuglane frå midt i februar til mai. Hannane trekker i gjennomsnitt ei veke tidlegare enn hoene. Fuglane kan raste på nordsida av Sahara for kvile og ete før dei tek fatt på etappa mot Europa. Til dei britiske øyane kjem dei første tidleg i mars og nokre allereie i slutten av februar. Til Noreg kjem dei første i mars og trekket varer ut mai. Til Sør-Varanger kjem steinskvettane i siste halvdelen av mai. For leucorhoa kjem vårtrekket seinare enn for oenanthe. Unge steinskvettar verkar å vere trufaste mot hekkeplassane, og etablerer seg helst i få kilometers avstanden frå fødeplassen. Som vaksne held dei fram med å oppsøke same området år etter år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Steinskvett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]