Steinskvettar
| Steinskvettar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Muscicapidae | |
| Slekt: | Oenanthe | |
| Artar | ||
|
||
Steinskvettar er sporvefuglar av slekta Oenanthe i flugesnapparfamilien. Dei fleste artane har karakteristiske svarte og kvite eller raude og kvite teikningar på overgumpen eller på stjerten. Dei fleste artane syner sterkt kjønnsdimorfisme, berre hannfuglar har dei slåande fjørdraktmønstra som er karakteristiske for slekta, men hoene deler den kvite eller raude flekken på overgumpen.
Dei vart tidlegare rekna som medlemmer av trastefamilien Turdidae, men er i dag meir vanleg plassert i flugesnapparfamilien Muscicapidae. Dette er ei gruppe i «den gamle verda», men arten steinskvett er no òg etablert i Canada, Grønland og Alaska.
Steinskvettar er jordlevande insektetande fuglar på opent og ofte tørt land. Dei hekkar i fjellsprekker eller i hòler. Nordlege artar er langdistansemigrantar, overvintrar i Afrika.
Artslista [endre]
Steinskvettar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Oenanthe:
- Kvitkronesteinskvett, Oenanthe leucopyga
- Munkesteinskvett, Oenanthe monacha
- Nonnesteinskvett, Oenanthe albonigra
- Svartsteinskvett, Oenanthe leucura
- Kvitvengsteinskvett, Oenanthe monticola
- Somalisteinskvett, Oenanthe phillipsi
- Steinskvett, Oenanthe oenanthe
- Sørgjesteinskvett, Oenanthe lugens
- Kvitryggsteinskvett, Oenanthe finschii
- Persarsteinskvett, Oenanthe picata
- Berbersteinskvett, Oenanthe moesta
- Svartstrupesteinskvett, Oenanthe pleschanka
- Kyprossteinskvett, Oenanthe cypriaca
- Middelhavssteinskvett, Oenanthe hispanica
- Rustgumpsteinskvett, Oenanthe xanthoprymna
- Ørkensteinskvett, Oenanthe deserti
- Beltesteinskvett, Oenanthe pileata
- Isabellasteinskvett, Oenanthe isabellina
- Raudbryststeinskvett, Oenanthe bottae
- Sahelsteinskvett, Oenanthe heuglini
I tillegg tar IOC-lista med følgjande tre som godkjente artar:[3]
- <norsk namn manglar>, engelsk språk: 'Red-tailed Wheatear', Oenanthe chrysopygia
- <norsk namn manglar>, engelsk språk: 'Abyssinian Wheatear', Oenanthe lugubris
- <norsk namn manglar>, engelsk språk: 'Arabian Wheatear', Oenanthe lugentoides
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Wheatear» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2010
Referansar [endre]
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- ↑ Gill, F. & D. Donsker (Eds). 2010. IOC World Bird Names (version 2.5). Available at http://www.worldbirdnames.org/ [Lest 28. august 2010]