Steinras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Steinsprang)
Steinras frå bratte fjellsider kan vere til hindre for trafikken i fjellområde. Her frå Burg Pottenstein i Tyskland.

Steinras eller steinsprang er ras der steinar fell fritt frå ein fjellskrent. Raset består av steinar som glir eller rullar ned fjellsida eller fell gjennom lufta, og stundom sprett steinane slik at dei flyg i ballistiske banar.

Geologiske tilhøve og klima er dei viktigaste mekanismane som skapar steinras. Faktorar som spelar inn er mellom anna tilhøva til steinmassen, diskontinuitet i steinmasse, forvitring, grunn- og overflatevatn, frostsprenging, planterøter som kiler seg under steinane og ytre stress. Eit tre kan blåse overende av vinden, og føre til at røtene pressar på steinane rundt, slik at desse lausnar og fell. Steinar som samlar seg i botnen av ein fjellskrent lagar ei steinur.

Ein delar førebygginga av steinras inn i to delar: anten passiv førebygging eller aktiv førebygging. Passiv førebygging er når berre effektane av steinraset vert dempa, som bruk av dekkande nett, samlenett, avleiingsdike osv. Det kan framleis gå ras, men ein har gjort eit forsøk på å kontrollere utfallet. Aktiv førebygging vert gjort i området der raset startar og ein prøver å hindre raset frå å starte i utgangspunktet. Dette kan vere bruk av fjellbolting, sprøytebetong osv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Steinras