Stellers sjøku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stellers sjøku
Teiking av ei Stellers sjøku frå 1700-talet
Teiking av ei Stellers sjøku frå 1700-talet
Utbreiing og status
Status i verda: EX UtdøyddUtbreiinga av Stellers sjøku
Utbreiinga av Stellers sjøku
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Orden: Sjøkyr Sirenia
Familie: Dugongidae
Underfamilie: Hydrodamalinae
Slekt: Hydrodamalis
Art: Stellers sjøku H. gigas
Vitskapleg namn
Hydrodamalis gigas

Stellers sjøku (Hydrodamalis gigas) var ei stor sjøku som heldt til i Beringhavet. Ho er no utdøydd.

Utsjånad og levevis[endre | endre wikiteksten]

Sjøkua var mykje større enn dei nolevande manatane og dugongen. Ho kunne bli rundt 8 meter lang og vega mellom fire og ti tonn. (Desse overslaga over vekta er svært usikre). Ho likna ein stor sel, og hadde to tjukke sveiver framme. Desse var utan skilde fingerbein. Stellers sjøku kunne ikkje dykke, men flaut på overflata.

Skallen til ei Stellers sjøku.

Naturforskaren Georg Steller oppdaga dyret i 1741 då han stranda saman med oppdagaren Vitus Bering utanfor Kamtsjatkahalvøya. Han fann ein liten bestand i dei kalde vatna rundt Beringøya og Mednyj i nærleiken. Naturforskaren sa om dyret at det alltid levde i vatnet, at huda var svart og tjukk, «som borken på ei gamal eik», hovudet var lite i tilhøve til kroppen, og det hadde ikkje tenner, berre to flate kvite bein oppe og nede i munnen. Dyra levde på tare, og der dei hadde beita vart store mengder stilkar og røter av desse plantane vaska til lands.

Nedgang[endre | endre wikiteksten]

Mannskapet til Bering slakta ei av sjøkyrne etter at dei hadde vore stranda i seks veker. Dei fann ut at kjøtet smakte som kalv, var svært haldbart, og gav dei mykje næring. Då sjømenn og fangstfolk følgde i Bering sitt kjølvatn, drap dei sjøkyr for kjøtet sin del. Sjøkyrne fanst berre i eit lite tal på eit avgrensa område allereie då Steller skildra dei. I 1768, mindre enn tretti år etter at ho vart oppdaga, var Stellers sjøku utrydda.

Steller sjølv døyde før han kunne publisere notata sine frå opphaldet på Bering-øya, så det ein veit om dyra kjem frå dei upubliserte notata hans, og studiar av skjelettrestar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stellers sjøku