Stemmegaffel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stemmegaffel som gjev kammertonen a'=440 Hz

Ein stemmegaffel er ein stålgaffel med to tindar som gjev ein klar tone i ei viss tonehøgde når ein gjev tindane eit lett slag. Vanlege stemmegaflar kling i kammertonen a' = 440 Hz, og vert bruka ved stemming av musikkinstrument eller av kordirigentar når dei skal gje tone til koret. Stemmegaffelen vart oppfunnen i 1711 av trompetisten John Shore.

Tonen frå stemmegaffelen er svak, vi kan berre så vidt høyre han om ve legg gaffelen heilt innåt øyra. Set vi ein vibrerande stemmegaffel på ein lekam som gjev resonans, til dømes ei bordplate, vert lyden kraftig forsterka.