Stemnebøveten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

StemnebøvetenHisarøy i Gulen kommune er truleg ein del av eit nettverk av vetar (viti, eldvardar, vedvardar) for å varsle ufred i området som låg inn under Gulatinget. Frå Stemnebøveten er det frisikt til VetefjellKrakhellenipa ytst i Sognefjorden. Derifrå gjekk det ei varslingsline innover fjorden til Veten ved Bekken, Veten ved Torvund, Vardeneset på Måren, Veteneset på Sæle, Vetehaugen eller Vokeskorane i Vik, Skriki i Norane, Vetanosi, Skar, Okken og Ulvisnubben i Lærdal, Stogonosi og Hugakollen i Vang. Vetane over Filefjell er usikre, men det er lokalisert moglege stader nær gamle tufter på Filefjell. Desse er plassert slik at det er sikt mellom dei langs med ein gammal vegtrase på nordsida av elva. Dette kan vere det gamle vetesystemet, men noko definitivt bevis manglar. Vetastua frå Vetanosi står på Sogn Folkemuseum.

Allereie i Gulatingslova er vetar og vetevakt omtala. Seinare er det komme til vetestuer for de som skulle halde vakt, men desse er ikkje omtalt i Gulatingslova. Vetesystemet i Gulen høyrer til systemet som strekker seg innover Sognefjorden. Gulatinget dekte Sognefjorden, og til og med 1125 høyrde også delar av Valdres og Hemsedal inn under området.

Vetar blir gjerne delt i det som høyrer til stamlinjene for rask varsling, og det som høyrer til nettverk for lokal varsling. Dei som høyrer til stamlinjene har gjerne lange sprang mellom kvar vete, avstanden er rundt 15-30 km mellom dei einskilde vetane. Dette gjorde det mogleg å tenne dei i rask rekkefylgje og slik sende beskjed om ufred. Desse vetane låg ofte slik til at det ikkje var mogleg å sjå dei nede i dalane, derfor var det lokale vetesystem som varsla lokalt. I de lokale vetesystemene var det typisk 4-7 km mellom de enkelte vetane og det måtte tennast langt fleire for å sende beskjed over same avstand som for stamlinjene. Stemnebøveten har truleg høyrt til stamlinjenettet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]