Stemorsblom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Stemorsblom | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Magnoliopsida | |
| Orden: | Malpighiales | |
| Familie: | Violaceae | |
| Slekt: | Viola | |
| Art: | V. tricolor | |
| Vitskapleg namn | ||
| Viola tricolor | ||
Stemorsblom eller natt-og-dag (lat. Viola tricolor) er ein eit- eller toårig fiol, opp til 15 cm. høg. Blomstrar mest heile året, berre det ikkje blir for vått. Mest vanleg i sør-Noreg; havstrand, vegkant, berg, skogbryn.
Stemorsblom er brukt i folkemedisinen mot hudsjukdommar, luftvegskatarr, kikhoste, blærekatarr og som urindrivande middel.
Kjelder [endre]
- Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974.
- Pål Hermansen: Vakre vekster i skog og eng. Universitetsforlaget, 1988.
- Store norske leksikon, snl.no, «stemorsblom»