Stenbrohult

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stenbrohult er eit sokn i sørlege Småland, mest kjend som heimbygda til Carl von Linné. Staden Älmhult har tidlegare vore ein del av Stenbrohult sokn. Dei fremste Linnéminna i Stenbrohult er, utanom naturen kring sjøen Möckeln, den tidlegare kappelangarden i Råshult, der Linné vart fødd, samt kyrkjegården, der den noverande kyrkja likevel er oppført etter Linné si tid. På ein del av den noverande kyrkjegarden låg den eldre prestegarden der Linné voks opp. Denne garden vart brannherja allereie på 1700-talet. Der han låg finst det no ei statue av Linné. Ved den noverande kyrkja kan ein sjå restar av den eldre kyrkja der morfaren, faren og broren til Linné var prestar.

I Råshult har markene i nokre tiår vore passa på med stor omsorg for at dei framleis skal ha eller få att karakteren av gammalt landbrukslandskap. I dei siste åra har det området der 1700-talskarakteren skal attskapast vorte utvida.

Ein lokalflora for Stenbrohult sokn har vorte utgjeve i Svensk Botanisk Tidskrift.