Stenhousemuir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stenhousemuir

skotsk-gælisk Am Featha Taigh nan Clach
Titlandhill  i Stenhousemuir
Titlandhill i Stenhousemuir
Plassering
Stenhousemuir is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Falkirk region
Tradisjonelt grevskap Stirling and Falkirk
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

10 190
Koordinatar 56°2′″N 3°48′″WKoordinatar: 56°2′″N 3°48′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer FK5
Telefon-retningsnummer 0 1324
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stenhousemuir

Stenhousemuir er ein by i regionen Falkirk i Skottland. Han har kring 10 000 innbyggjarar og ligg rett nord for byen Falkirk.

Byen har namn etter eit steinhus, som var romersk bygning liggjande nord for elva Carron. Bygningen fekk seinare namnet Arthur's O'on, eigenleg kong Arthurs omn. Denne bygningen passar med den skildringa Wace gav av den såkalla «rotunda tabulata» i boka Roman de Brut frå 1155, noko som kan ha gjeve grunnlaget for feiltolkinga «runde bord»

Bygningen vart riven i samband med bygginga av ein dam i 1743, men han vart grundig dokumentert i teikningar. Ein replika vart oppført i 1763 i Midlothian, og denne står enno.

Byen er heimbyen til fotballklubben Stenhousemuir FC.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]