Stenungsund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 58°4′7.6728″N 11°49′17.875″E

Stenungsund

Stenungsund er ein tettstad i landskapet Bohuslän i Västra Götalands län i Sverige. Staden er administrasjonssenteret i Stenungsunds kommun, har eit areal på 11,14 km², og hadde i 2005 eit innbyggjartal på 10 067.

Stenungsund ligg ved Europaveg 6 om lag 47 km nord for Göteborg og 43 kilometer sør for Uddevalla. Stenungsund var lenge mest kjend som ein stad for bading ut mot kysten. I 1950- og 1960-åra gjekk tettstaden gjennom dramatiske endringar på grunn av oppbygging av petrokjemisk industri. Stenungsund har vorte den viktigaste staden i Sverige for produksjon av polyetylen, som vert nytta i samband med produksjon av plastprodukt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]