Stephan Eberharter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stephan Eberharter


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 24. mars 1969 (55 år)
Brixlegg
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1992, alpine skiing at the 2002 Winter Olympics – men's downhill, Alpint under Vinter-OL 2002 – Super-G menn, Alpint under Vinter-OL 1998 – Storslalåm menn, Alpint under Vinter-OL 2002 – Storslalåm menn

Utmerkingar

æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken

Stephan Eberharter (fødd 24. mars 1969) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Brixlegg i Tirol som vann verdscupen i alpine greiner både i 2002 og 2003. Han vann to gullmedaljar ved alpin-VM 1991 og ei i 2003, samt OL-gull i storslalåm i 2002. Til saman tok han åtte medaljar (4-3-1) i dei store meisterskapane i tida 1991-2003.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Eberharter vann både super-G- og kombinasjon-tevlinga under VM i alpine greiner 1991 i Saalbach. Dei neste sesongane vart prega av fleire skadar og han makta sjeldan å hevde seg i verdscuprenn. Etter 1994-sesongen vart han vraka frå den austerrikske landslagstroppen.

Frå starten av OL-sesongen 1998 etablerte Eberharter seg i verdstoppen i fleire greiner. Under Vinter-OL 1998 i Nagano syrgde han for austerriksk dobbeltsiger i storslalåm då han tok sølvmedaljen, bakom landsmannen Hermann Maier. Heilt på tampen av OL-sesongen, den 14. mars 1998, kunne han feire sin fyrste siger i verdscupen. Ved verdscupavslutninga i Crans-Montana vann han storslalåmrennet framom tre landsmenn.

Både under VM i alpine greiner 2001 og Vinter-OL 2002 vart Eberharter sølvvinnar i super-G; Daron Rahlves frå USA vart verdsmeister, medan norske Kjetil Andre Aamodt stakk av med OL-gullet. Før Eberharter tok sølvmedaljen, hadde han allereie vunne bronsen i OL-utforen. Fem dagar etter super-G-tevlinga sikra han seg gullmedaljen i storslalåmrennet og sat dermed att med tre OL-medaljar av tre ulike valørar.

I dei fire sesongane 2001 til 2004 vart Eberharter anten nummer to eller ein i verdscupen i alpine greiner. Han vart ein suveren vinnar i den alpine verdscupen 2002, og triumferte med klar margin i verdscupen i alpine greiner 2003. I 2003-sesongen vart han også verdsmeister i super-G då VM i alpine greiner vart avvikla i St. Anton.

Eberharter vann til saman 29 renn i verdscupen, langt dei fleste i utfor, men òg nokre i super-G og storslalåm. Alle dei 18 utfortriumfane kom i sesongane 2001-04. Både i 2002, 2003 og 2004 vann han FIS-pokalen for beste utforrennar, dei to fyrste åra også som den beste super-G-utøvaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]