Stephen Gately

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stephen Gately saman med Boyzone i 2009.

Stephen Patrick David Gately (fødd 17. mars 1976 i Dublin, død 10. oktober 2009 på Mallorca) var ein irsk skodespelar og songar. Han var saman med Ronan Keating hovudsongar i gutegruppa Boyzone.

Gately deltok på fem studioalbum med Boyzone. Han gav ut sitt einaste soloalbum New Beginning i 2000, etter at gruppa vart oppløyst. Albumet kom på topp 10 på den britiske albumlista, og gav ut tre hit-singlar. I 2008 vart Boyzone gjenforeint, og Gately var med på fleire innspelingar og konsertar.

I 1999 stod han fram som homofil. Han gifta seg med Andrew Cowles i Las Vegas i USA i 2003 og seinare formelt i ein seremoni i London i Storbritannia i 2006.

10. oktober 2009 vart han funnen død i bustaden til paret på øya Mallorca i Spania. Han døydde av væske i lungene og vart bisatt 17. oktober 2009 i Dublin i Irland.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]