Stephen Schneider

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stephen H. Schneider
StephenHSchneiderJI1.jpg
Død London, Storbritannia
Merknader
Heimeside

Stephen H. Schneider (11. februar 194519. juli 2010) var amerikansk miljøforskar og ein leiande person innan debatten om global oppvarming. Han hadde doktorgrad frå Columbia University innan mekanikk og plasmafysikk, og var frå 1992 professor innan miljøbiologi og global endring ved Stanford University. Han var redaktør for og (1975) grunnlegger av tidsskriftet Climate Change.

Han var medstyreleiar ved Center for Environment Science and Policy ved Freeman Spogli Institute for International Studies og ein Senior Fellow ved Stanford Woods Institute for the Environment. Schneider tenestegjorde som ein konsulent for føderale styresmakter og tilsette ved det kvite huset under presidentane Nixon-, Carter-, Reagan-, George H. W. Bush-, Clinton-, George W. Bush- og Obama-administrasjonane.

Forskinga hans inkluderte modellering av jordatmosfæren, klimaendringar og samanhengen mellom biologiske system og klimaendringar. Schneider var grunnleggjar og redaktør av tidsskriftet Climatic Change og skreiv over 450 vitskaplege publikasjonar. Han var koordinerande hovudforfattar i arbeidsgruppe II IPCC TEK og var engasjert som medforfattar av Key Vulnerabilities Cross-Cutting-temaet for IPCCs fjerde hovudrapport (AR4). Gjennom 1980-talet, vart Schneider ein av dei leiande personane for å drastisk redusere drivhuseffekt-gassane for å kjempe mot global oppvarming.

Æresprisar[endre | endre wikiteksten]

Personleg[endre | endre wikiteksten]

Schneider overlevde ei aggressiv form for kreft, mantle cell lymphoma. Han dokumenterte kampen sin for å erobre tilstanden, inkludert å setje opp sitt eige behandlingsregime på basis av si eiga vitskaplege forståing, i ei eigautgjeven bok frå 2005, The Patient from Hell.[1] Han døydde uventa 19. juli 2010 etter å ha hatt eit hjarteslag på veg heim frå eit vitskapleg møte i Käringön i Sverige.[2][3]

Utvalte publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Stephen H. Schneider, Tim Flannery introduction (2009) 'Science as a Contact Sport: Inside the Battle to Save the Earth's Climate. National Geographic (3. november 2009) ISBN 978-1426205408
  • Stephen H. Schneider, Janica Lane (2005) The Patient from Hell: How I Worked with My Doctors to Get the Best of Modern Medicine and How You Can Too. Da Capo Lifelong Books.
  • Stephen H. Schneider, Armin Rosencranz, John O. Niles (eds., 2002), Climate Change Policy: A Survey, Island Press, 368 sider; juni 2002.
  • Stephen H. Schneider and Terry L. Root (Editors, 2001), Wildlife Responses to Climate Change: North American Case Studies, Island Press; desember 2001.
  • Stephen H. Schneider (1997), Laboratory Earth: the Planetary Gamble We Can't Afford to Lose, HarperCollins; januar 1997
  • Stephen H. Schneider (Editor, 1996), Encyclopedia of Climate and Weather, Oxford University Press; mai 1996.
  • Stephen H. Schneider, Penelope J. Boston (Eds, 1992), Scientists on Gaia, MIT Press; februar 1992
  • Stephen H. Schneider (1989), Global Warming: Are We Entering the Greenhouse Century?, Sierra Club Books; oktober 1989
  • Stephen H. Schneider, Randi Londer (1984), Coevolution of Climate and Life, Sierra Club Books; mai 1984
  • Stephen H. Schneider, Lynne E. Mesirow (1976), The Genesis Strategy: Climate and Global Survival, Plenum Pub Corp; april 1976.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Shute, Nancy (2005-10-17). «A Hell of a Patient». U.S. News & World Report 139 (14): s. 18. ISSN 0041-5537. 
  2. USAToday July 19, 2010
  3. Stanford climate scientist Stephen Schneider dies at 65

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]