Stephen Stills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stephen Stills

Stephen Stills i 2007
Fødd3. januar 1945 (79 år)
FødestadDallas
FødenamnStephen Arthur Stills
OpphavUSA
Aktiv1962 til i dag
SjangerRock, folkrock, bluesrock, alternativ country
InstrumentVokal, gitar, bass, piano, orgel, perkusjon, trommer
Kjende instrumentG6136-1958 Stephen Stills White Falcon
Tilknytte artistarBuffalo Springfield, Crosby, Stills, Nash & Young, The Stills-Young Band, Au Go Go Singers, The Continentals, Manassas
PlateselskapColumbia, Atlantic, Reprise, Vision, Raven, Titan/Pyramid
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent, politisk aktivist
Gift medKristen Stills, Véronique Sanson
BornChris Stills
Prisar"Spirit of Americana" Free Speech Award

Stephen Arthur Stills (fødd 3. januar 1945 i Dallas i Texas) er ein amerikansk gitarist og låtskrivar som er mest kjend for arbeidet sitt med Buffalo Springfield og Crosby, Stills & Nash (and Young). Han har spelt i fleire band samstundes som han har drive ei solokarriere. Still vart av Rolling Stone rangert på 28. plass på lista deira over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[1]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Stills voks opp i ein militærfamilie. Han flytta mykje rundt som born og utvikla ei interesse for blues og folkemusikk. Han var òg påverka av latinsk musikk etter å ha budd i Gainsville og Tampa i Florida og Louisiana og på Costa Rica og i Panamakanalsona som ungdom.

Stills slutta på University of Florida for å starte ei musikkarriere tidleg i 1960-åra. Han spelte i fleire band som The Continentals, med mellom andre den framtidige Eagles-gitaristen Don Felder, utan stor suksess. Ein kunne høyre Stills solo i Gerde's Folk City, som var ein kjend kafe i Greenwich Village. Stills enda til slutt opp i ei vokalharmonigruppe på ni medlemmer som heldt til i Cafe Au Go Go i New York City. Dei kalla seg Au Go Go Singers (Rick Geiger, Roy Michaels, Michael Scott, Jean Gurney, Kathy King, Nels Gustafson, Bob Harmelink, framtidig bandmedlem i Buffalo Springfield Richie Furay & Stills). Den gruppa turnerte noko i Catskills og i sør, og gav ut eit album i 1964 før dei vart oppløyste i 1965. Etter dette danna Stills og fire andre tidlegare medlemmer frå Au Go Go Singers (Geiger, Michaels, Gurney & Scott) bandet The Company, ei folkrock-gruppe. The Company la ut på ein seks veker lang turne i Canada der Stills møtte den unge gitaristen Neil Young. På VH1 CSNY Legends fortalte Stills at Young gjorde det han alltid ønskte å gjere, «spele folkemusikk i eit rockeband» (Denne oppfatninga vart gjenteken fleire tiår seinare. Ein kjenner godt til det anstrengte forholdet mellom dei to, sjølv om dei har spelt i lag mange gonger i løpet av karrieren sin.) The Company vart oppløyst i New York etter fire månader. Geiger vart med i eit operetteselskap i Los Angeles, Michaels slo seg saman med Jimi Hendrix og Gurney gjekk på college, medan Scott turnerte med eit band kalla Highwaymen. Stills starta som studiomusikar og gjorde forskjellige mislukka prøvespelingar, mellom anna for The Monkees). I 1966 overtalte han det tidlegare medlemmet i Au Go Go Singer, Richie Furay, som då budde i Massachusetts, om å flytte med han til California.

Buffalo Springfield & CSNY[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Buffalo Springfield og Crosby, Stills, Nash & Young.

Stills, Furay og Young kom saman i Los Angeles og danna kjernen i Buffalo Springfield. Visstnok gjenkjente Stills og Furay Young då dei køyrte forbi kvarandre i ein trafikkork i Los Angeles. Bandet gav ut tre album (Buffalo Springfield, Buffalo Springfield Again og Last Time Around) og hadde ein hitsingel med Stills sin «For What It's Worth» før dei vart oppløyst.

Gitarspelinga til Stills utvida seg stadig. Han hadde tidleg element frå både rock and roll, blues og country, samt akkordsekvensar liknande det ein fann i det akustiske folkemusikkmiljøet. Gitarspelet til Stills vart etter kvart påverka av venen Jimi Hendrix og av forskjellige rytmar og riff frå latinsk musikk. Stills er kjend for å ha eksperimentert med sjølve gitaren. Mellom anna smurde han strengane inn med grillsaus eller snudde om på signalfangarane for å etterlikne venstrehandsspelinga til Hendrix. Han var òg kjend for uvanlege stemmingar, særleg på akustiske gitar. Han spelte òg piano, orgel, bass og noko trommer. «Stephen hadde ein visjon» sa Graham Nash, «David [Crosby] og eg let han køyre på.». Stills spelte nesten alle instrumenta på Crosby, Stills and Nash, og han fekk kallenamnet Captain Manyhands frå Rolling Stone.

Under oppløysinga av Buffalo Springfield møtte Stills det tidlegare Byrd-medlemmet David Crosby og det tidlegare Hollie-medlemmet Graham Nash og i lag danna dei supergruppa Crosby, Stills & Nash. Cass Elliot inviterte Graham Nash over for å møte Stills og David Crosby heime hos den kjende folkemusikaren og målaren Joni Mitchell, som målte fleire måleri av dei tre. Stills spelte det meste på albumet sjølv, bortsett frå noko trommer av Dallas Taylor og noko rytmegitar frå Crosby og Nash. Neil Young vart invitert med på det andre albumet, og gruppa vart Crosby, Stills, Nash and Young. Trass i mykje uro og stadige splittingar, spelar CSN (og stundom CSNY) framleis inn plater og turnerer.

Stills spelte både på Monterey Pop Festival med Buffalo Springfield og Woodstock og Altamont med CSNY. Han har dermed spelt på alle dei tre legendariske festivalane i USA i 1960-åra.

Soloåra[endre | endre wikiteksten]

Etter suksessen til CSNY spelte alle dei fire medlemmene inn soloalbum. I 1970 kom det sjølvkalla debutalbumet hans, med gjester som Eric Clapton, Jimi Hendrix, «Mama» Cass Elliot, Booker T Jones og Ringo Starr (berre omtalt som «Richie») samt hjelp frå fleire av medlemmene i CSNY. Stills fekk der ein hitsingel med «Love the One You're With». Stills følgde opp dette albumet med Stephen Stills 2, som inneheldt «Change Partners». Sjølv om songen vart skriven før CSN vart danna, såg Nash dette som ein metafor for dei mange forholda i CSNY, medan Stills såg på bandet som noko lang mindre mildt og gjentakande.

Året etter slo Stills seg saman med tidlegare The Byrds-medlem Chris Hillman og fleire av sidemennene i CSNY og danna bandet Manassas. Med Manassas spelte Stills inn eit dobbeltalbum med same namn, Manassas. Albumet var ei blanding av blues, folk og latinsk musikk delt inn i forskjellige seksjonar.

Under ein turne med Manassas i Frankrike møtte Stills og gifta seg med den franske visesongaren Veronique Sanson. Han flytta så til Columbia Records, der han spelte inn to album: Stills i 1975 og Illegal Stills, eit ordspel på namnet sitt, i 1976.

Woodstock Reunion, 7. september 1979
Parr Meadows, Ridge, NY
Foto: Bob Sanderson

I 1976 prøvde Stills seg på ei gjenforeining med Neil Young. Dei spelte inn Long May You Run som på eit tidspunkt såg ut til å verte eit CSNY-album, men Crosby og Nash måtte fullføre sine eigne platekontraktar.[2] Stills og Young danna då The Stills-Young Band. Young forlet derimot Stills halvvegs i turneen deira.[2] Stills var kontraktbunden til å fullføre turneen, noko han gjorde, og då han kom heim ønskte kona skilsmisse og ville flytte attende til Frankrike. Stills slo seg kort tid etter saman med Crosby og Nash igjen og CSN vart halvvegs gjenforeint i 1977. Sidan den gong har dei halde saman no og då.

I 1979 reiste Stills til HavannaCuba, for å delta på festivalen Havana Jam i lag med Weather Report, the CBS Jazz All-Stars, the Trio of Doom, Fania All-Stars, Billy Swan, Bonnie Bramlett, Mike Finnegan, Kris Kristofferson, Rita Coolidge og Billy Joel, samt fleire kubanske artistar som Irakere. Stills turnerte med sistnemnde i USA etter desse konsertane.

I 1997 vart Stills den første personen som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger same kveld for arbeidet sitt med CSN og Buffalo Springfield. Fender laga ein spesiallaga gitar og gav til Stills for dette høvet.

I 2005 gav Stills ut Man Alive!, det første soloalbumet hans på 14 år. Gjennom 2006 og 2007 turnerte Stills mykje som soloartist med The Quartet.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Buffalo Springfield[endre | endre wikiteksten]

År Albumdetaljar US
1966 Buffalo Springfield
  • Utgjeve: 5. desember 1966
  • Selskap: Atco
80
1967 Buffalo Springfield Again
  • Utgjeve: 30. oktober 1967
  • Selskap: Atco
44
1968 Last Time Around
  • Utgjeve: 30. juli 1968
  • Selskap: Atco
42

Med Bloomfield/Kooper/Stills[endre | endre wikiteksten]

Dato Tittel Høgaste listeplassering RIAA-sertifisering
22. juli 1968 Super Session #12 Gold

Med Crosby, Stills & Nash (& Young)[endre | endre wikiteksten]

Dato Tittel Innspeling Høgaste listeplassering i USA RIAA-sertifisering[3]
29. mai 1969 Crosby, Stills & Nash 26. juni 1968 - 3. april 1969 #6 4x platina
11. mars 1970 Déjà Vu juli - desember 1969 #1 7x platina
7. april 1971 Four Way Street 2. juni-5. juli 1970 #1 4x platina
19. august 1974 So Far
(samleplate)
1969–1970 #1 6x platina
17. juni 1977 CSN 1976-77 #2 4x platina
21. juni 1982 Daylight Again 1980–1981 #8 Platina
19. august 1983 Replay
(samleplate)
6. juni 1983 #122 -
3. november 1988 American Dream 3. mai- 16. september 1988 #16 Platina
11. juni 1990 Live It Up 1. februar 1986 til 5. februar 1990 #57 -
oktober 1991 CSN 26. juni 1968 - 3. april 1990 #109 -
16. august 1994 After The Storm 27. januar - 1. juli 1994 #98 -
26. oktober 1999 Looking Forward 1996–1999 #26 -
14. mars 2005 Greatest Hits 1969–1999 #24
22. juli 2008 Déjà Vu Live 2006 - -

Med The Stills-Young Band[endre | endre wikiteksten]

Dato Tittel Innspeling Høgaste listeplassering RIAA-sertifisering

"[2]"

10. september 1976 Long May You Run 16. februar til 7. juni 1976 #26 Gull

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Dato Tittel Høgaste listeplassering i USA RIAA / CRIA-sertifisering[4] Selskap Informasjon
16. november 1970 Stephen Stills #3 Gull Atlantic Studio
30. juni 1971 Stephen Stills 2 #8 Gull Atlantic
12. april 1972 Manassas (med Manassas) #4 Gull Atlantic
23. april 1973 Down the Road (med Manassas) #7
Atlantic
Juni 1975 Stills #22
Columbia
Desember 1975 Stephen Stills Live #42
Atlantic Konsert
Mars 1976 Illegal Stills #30
Columbia Studio
Desember 1976 Still Stills: The Best of Stephen Stills #127
Atlantic Samling
September 1978 Thoroughfare Gap #83
Columbia Studio
Juli 1984 Right By You #75
Atlantic
September 1991 Stills Alone
Vision/Gold Hill
November 2003 Turnin' Back The Pages
Raven Samling
August 2005 Man Alive!
Titan/Pyramid Studio
Juli 2007 Just Roll Tape
Eyewall/Rhino Samling
September 2009 Pieces (med Manassas)
Rhino/Atlantic
Oktober 2009 Live at Shepherd's Bush
Rhino Konsert

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rolling Stone Magazine The 100 Greatest Gitarists of All Time Arkivert 2008-03-14 ved Wayback Machine. 2003-08-27.
  2. 2,0 2,1 Cameron Crowe "Quick End to a Long Run." Rolling Stone Sept. 9, 1976 reprinted in 4 Way Street: The Crobsy, Stills, Nash & Young Reader 2004 Da Capo Press.
  3. RIAA Gold og Platinum Search for albums titled Deja Vu.
  4. [1].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]