Stepper Point

Koordinatar: 50°33′55″N 4°57′04″W / 50.56521°N 4.95112°W / 50.56521; -4.95112
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stepper Point (med Trevose Head til høgre i bakgrunnen), sett frå Pentire Farm
Kart over Stepper Point og omliggande område

Stepper Point er eit nes nord i Cornwall i England. Neset har ei høgd på 74 meter. Stepper Point og Pentire Point står på kvar si side av munningen til River Camel; Stepper i sørvest og Pentire i nordaust.

På toppen av neset står eit steintårn, bygd som eit dagmerke for skipsfarten i området. Det vart lokalt kalla the Daymark. Det er òg ein kystvaktbygning på neset.

South West kyststi går langs kysten av neset. Den 5 km lange stien frå Padstow til Stepper Point er lett å gå og ikkje altfor bratt. Turistbåtar seglar ofte rundt neset på veg til Padstow som ligg i nærleiken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

50°33′55″N 4°57′04″W / 50.56521°N 4.95112°W / 50.56521; -4.95112