Stereologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stereologi er matematiske, statistiske og måletekniske metodar for omrekning av målingar utført i éin eller to dimensjonar til kvantitative utrekningar av tredimensjonale tilhøve.

Metodane kan til dømes nyttast til å rekne ut arealet av cellemembran eller volumdelen av ein særskild celletype i ein organisk vevsprøve basert på observasjonar av eit mikroskopisk snitt. På same måte kan ein rekne ut til dømes krystalittar i mineral, korn i metall eller gassblærer i lava eller lettbetong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]