Sterling White Halibut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sterling White Halibut AS er eit selskap med forretningskontor i Hjelmeland i Rogaland. Selskapet er 100 % ått av Marine Harvest, har ein aksjekapital på 10 millionar kroner og 38 tilsette. Selskapet driv kommersielt oppdrett og marknadsføring av kveite under varemerket Sterling. Selskapet vart oppretta i 2001.

Kveita blir oppdretta i dei djupe fjordane i Ryfylke i Rogaland. Det tek fire til fem år før fisken er klar til slakt og sal til restaurant- og forbrukarmarknaden.