Stetoskop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stetoskop (av gr. «stethos», brystkasse og «skopeein», undersøkja) er eit akustisk medisinsk apparat som vert brukt til å lyda til innvortes lyd i ein kropp (auskultasjon). Oftast vert det nytta til undersøking av lyd frå hjarte, respirasjonslyd frå lungene, tarmlyd, væskestraum gjennom blodårer og fosterlyd. Stetoskop vert også nytta av mekanikarar for å isolera lydar frå rørlege maskindelar.

Stetoskopet vert nytta som hjelp til å diagnostisera visse sjukdomar. Det er i stand til å overføra til øyra somme lydar og til å utelata andre. Før stetoskopet vart funne opp, måtte lækjarane leggja øyra inntil kroppen til pasientane.

Stetoskop vert ofte sett på som eit symbol på lækjarane som yrkesgruppe, og lækjarar er ofte sett eller teikna med eit stetoskop hengande kring halsen.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Stetoskopet vart funne opp i Frankrike i 1816 av René-Théophile-Hyacinthe Laennec. Dei første var laga som røyr av tre. Soga seier at Laennec laga stetoskopet slik at han ikkje trong leggja øyra inntil brystet til franske kvinner. Det er uklårt om han ville unngå si eiga eller pasientane si blygsle på denne måten.

Moderne stetoskop-typar[endre | endre wikiteksten]

Det finst no to typar stetoskop, akustiske og elektroniske.

Akustiske stetoskop er kjende for dei fleste, og verkar ved å overføra lyd frå bryststykket, gjennom luftfylte røyr til øyrene til den som undersøkjer. Bryststykket har som oftast to sider som kan plasserast mot pasienten, ei flat side dekt av ein membran og ei klokkeforma, konkav side. Når membranen vert plassert inntil kroppen til pasienten, vil lydar frå kroppen få membranen til å vibrera. Dette skaper akustiske trykkbølgjer som går gjennom røyra opp til øyra til undersøkjaren. Når den konkave sida («klokka») vert lagt inntil pasienten, vil vibrasjonar i huda direkte danna akustiske trykkbølgjer som vert overførte på same måten. Klokka overfører lågfrekvent lyd, medan membranen overfører lyd med høgare frekvens. Det to-sidige stetoskopet vart funne opp av Rappaport og Sprague i første del av det 20. hundreåret. Ulempa med akustiske stetoskopet er at lydstyrken er svært låg, og dette kan gjera diagnosen vanskeleg.

Elektroniske stetoskop unngår låg lydstyrke ved å forsterka lydane frå kroppen. For tida tilbyr fleire produsentar elektroniske stetoskop, og ein må rekna med at desse er i meir vanleg bruk enn akustiske i løpet av nokre få år.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]