Stette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stette mot nordvest, 2004

Stette er ei grend i Skodje kommune, om lag tre mil aust frå Ålesund.

Stette eller Stettebygda vert ofte brukt som samlenamn på Stette og grendene kring, mellom andre Opskar, Nes, Stavset, Steinset, Mauren. Eit anna mykje brukt namn er Stettevika.

Stette skule og barnehage har ein framtredande plass i lokalmiljøet, og denne vart endå meir forsterka då eit grendahus vart oppført som eit tilbygg på skulen. Oppføringa fekk merksemd i dei kringliggjande bygdene og kommunane, då ein uvanleg stor del av prosjektering og arbeid vart gjort på dugnad.

I Stette finn ein også eit lite industriområde, og vidare Stettevik sportsklubb, eit blandakor og ei speidargruppe.