Stettiner Haff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stettiner Haff - Landsat satellittbilete
Stettiner Haff (Zalew Szczeciński)
Kart over området rundt Stettiner Haff

Stettiner Haff eller Oderlagunen (tysk Oderhaff, Stettiner Haff; polsk Zalew Szczeciński) er ein strandsjø på grensa mellom Tyskland og Polen sørvest i Austersjøen. Han ligg ved munningen av elva Oder nord for byen Szczecin.

Mellom Stettiner Haff og Pommernbukta i Austersjøen ligg øyane Usedom/Uznam og Wolin, og tre sund knyter strandsjøen til resten av havet: Peenestrom, Świna og Dziwna. Han har eit areal på 687 km² og eit gjennomsnittleg djup på 4 meter. På det djupaste er han berre 6 meter.

I 1880 opna kanalen Kaiserfahrt på Usedom, og ein vassveg med djup på 10 meter knytte lagunen med Austersjøen, slik at større skip kunne kome inn i strandsjøen og hamna i Stettin.

Kanalen er om lag 12 km og 10 meter djup og vart grave ut av Det tyske keisardømet mellom 1874 og 1880 under regjeringstida til Keisar Vilhelm I. Etter 1945 kalla Polen kanalen opp etter deira Piast-dynasti.

Feriestad[endre | endre wikiteksten]

I dag er det mange passasjerbåtar på lagunen, og ein kan drive med mange typar vassport ved mange av strendene i området. I området er det vinranker, ein smalspors jernbane, museum og slott.

Forureining[endre | endre wikiteksten]

Settiner Haff får tilført store mengder forureining via elva Oder og eutrofiering er mellom anna resultatet. Store konsentrasjonar av aluminium og jernsediment er vorte funne i elva, noko som fører til brå algevekst i lagunen. Næringsstoffa i strandsjøen varierer derimot mykje gjennom året, og har minka dei siste åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 53°48′16″N 14°08′25″E

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Stettiner Haff