Steve Kanaly
Steve Kanaly | |||
Fødd | 14. mars 1946 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Burbank | ||
Aktive år | 1972– | ||
Verka som | skodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar |
Steven Francis Kanaly (fødd 14. mars 1946), kjend som Steve Kanaly, er ein amerikansk skodespelar, best kjend for rolla si som Ray Krebbs i CBS-serien Dallas.
Biografi[endre | endre wikiteksten]
Kanaly vart fødd i Burbank i California. Han er mest kjend for rolla si som Ray Krebbs, formannen for Southfork Ranch, på fjernsynssåpeoperaen Dallas frå 1978 til 1989. Han gjentok rolla i den siste episoden av serien i 1991, og igjen for gjenforeningsfilmen Dallas: War of the Ewings i 1998. Han spelar rolla att òg i Dallas. Medan han spelte inn tv-serien var han med i andre seriar som Time Express i 1979. Frå 1994 til 1995 hadde han også ei rolle på ABC-dramaserieen All My Children som «Seabone Hunkle», faren til Dixie Cooney Martin (spelt av Cady McClain).
Han har òg vore gjest på ei rekkje andre fjernsynsprogram. I filmbransjen samarbeidar han ofte med forfattaren og regissøren John Milius, mellom anna i The Life and Times of Judge Roy Bean, Dillinger, The Wind and the Lion og Big Wednesday. Andre filmrollar inkluderer The Terminal Man, My Name is Nobody og Midway.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Steve Kanaly» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2012.