Steve Mahre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve Mahre

Statsborgarskap USA
Fødd 10. mai 1957 (66 år)
Yakima
Yrke alpinist, racerbilfører
Steve Mahre på Commons

Steve Mahre (fødd 10. mai 1957) er ein USA-amerikansk tidlegare skirennar frå Yakima i Washington som vart verdsmeister i storslalåm i 1982 og tok OL-sølv i slalåm i 1984, bak broren Phil Mahre.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Steve Mahre vann ni renn i verdscupen i alpine greiner i tida 1978-83. Bortsett frå ein slalåmsiger i heimlandet 4. mars 1978, kom dei andre triumfane i sesongane 1981-83. Omframt ein kombinasjonssiger i februar 1982, og to sigrar i storslalåm månaden etterpå, vann Mahre seks renn i yndlingsgreina slalåm. I 1982-sesongen enda han på tredjeplass i verdscupen i alpine greiner.

Mahre deltok i vinterleikane 1976 og 1980, begge gongane heilt utan suksess. Under VM i alpine greiner 1982 i Schladming nådde han toppen som aktiv alpinist då han vann VM-gull i storslalåm og viste svenske Ingemar Stenmark til sølvplassen. To år seinare stod han og tvillingbroren for ei sjeldan bragd ved å ta dobbeltsiger i slalåm under Vinter-OL 1984 i Sarajevo, Phil Mahre rann 21 hundredels sekund fortare enn Steve Mahre. Dei la begge opp ved sesongslutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar