Steve O’Rourke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Steve O'Rourke (fødd 1. oktober 1940 Willesden i England, død 30. oktober 2003) var ein britisk musikkmanager . Han er mest kjend som manager for den britiske musikkgruppa Pink Floyd etter at Syd Barrett forsvann frå bandet i 1968. Denne rolla hadde han heilt til han døydde i 2003.

Han byrja å styre Pink Floyd medan har arbeidde i Bryan Morrison Agency, så NEMS Enterprises. Seinare grunnla han sitt eige selskap, EMKA Productions, kalla opp etter dei to eldste døtrene hans, Emma og Katheryne.

O'Rourke hadde òg ein parallell karriere som motorsportsutøvar og hadde sitt eige selskap kalla EMKA Racing. Hovudsakleg deltok han i såkalla «gentlemansbilløp», ei interesse han delte med Pink Floyd-trommis Nick Mason og, til ei viss grad, David Gilmour. Han likte spesielt historiske løp med bilar frå 1950- til 1970-talet. I 1979 gjennomførte han 24-timarsløpet Le Mans på ein 12. plass med ein Ferrari 512 BB, medan han i 1998 kom på ein respektabel fjerdeplass med ein McLaren F1. Han deltok i mange billøp, deriblant La Carrera Panamericana i 1991 som kartlesar for David Gilmour. Gilmour og O'Rourke kræsja der, og O'Rourke braut eit bein. Billøpet vart filma og gjeve ut på video med musikk av Pink Floyd.

O'Rourke fekk slag og døydde i Miami i Florida i 2003. Gravferda hans vart halde den 14. november same året i Chichester Cathedral i Sussex i England, der dei tre Pink Floyd-medlemmane David Gilmour, Richard Wright og Nick Mason spelte som ein hyllest til han. Dette var første gong bandet spela i lag sidan oktober 1994, og dei spelte «Fat Old Sun» og «The Great Gig in the Sky» med Dick Parrysaksofon.

Andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar O'Rourke var manager for inkluderer

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey