Steven Chu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Steven Chu | |
| Fødd | 28. februar 1948 (65 år) St. Louis i Missouri |
|---|---|
| Parti | Demokratene |
| Yrke | Fysikar |
| Verv | Energiminister i USA |
| - periode | 2009– |
| Ektefelle | Jean Chu |
Steven Chu (kinesisk: 朱棣文; pinyin: Zhū Dìwén) (fødd 28. februar 1948) er ein amerikansk fysikar og demokratisk politikar. Som forskar er han særleg kjend for arbeidet sitt innan kjøling og lagring av atom med laserlys, som han vart tildelt Nobelprisen i fysikk for i 1997. Han delte prisen med amerikanske William D. Phillips og franske Claude Cohen-Tannoudji.
Chu har vore energiminister i Barack Obama-regjeringa sidan 2009. Chu er ein uttalt tilhengjar av meir forsking på alternative energikjelder og kjernekraft, og meiner at å gå vekk frå fossilt brensel er essensielt for å kjempe mot global oppvarming.[1][2][3]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Steven Chu» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ H. Josef Hebert (11-12-2008). «Energy secretary pick argues for new fuel sources». Associated Press.
- ↑ Sarah Jane Tribble (18-06-2007). «Nuclear: Dark horse energy alternative». Oakland Tribune.
- ↑ Direktørene ved Energidept's laboratorier (august 2008). «A Sustainable Energy Future: The Essential Role of Nuclear Energy». USAs energidepartement. http://www.ne.doe.gov/pdfFiles/rpt_SustainableEnergyFuture_Aug2008.pdf.
Bakgrunnsstoff[endre]
- Steven Chus biografi hos USAs energidepartement