Stevie Ray Vaughan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stevie Ray Vaughan

Fødd3. oktober 1954
FødestadDallas
Død27. august 1990 (35 år)
DødsstadEast Troy
OpphavUSA
Aktiv1970–1990
SjangerBlues, bluesrock, Texas Blues
InstrumentGitar, vokal
Kjende instrumentFender Stratocaster
Tilknytte artistarDouble Trouble, David Bowie, Albert King, Jimmie Vaughan, Dr. John, Roomful of Blues, Angela Strehli, Johnny Copeland, The Fabulous Thunderbirds, Marc Benno and The Nightcrawlers
PlateselskapEpic, Legacy, Sony
Verka sommusikar, låtskrivar
PrisarGrammy Award

Stephen «Stevie» Ray Vaughan (3. oktober 195427. august 1990) var ein amerikansk bluesgitarist. Han var den yngre broren til Jimmie Vaughan og frontmann for Double Trouble, eit band som òg inkluderte bassist Tommy Shannon og trommeslagar Chris Layton. Vaughan var mellom anna inspirert av Jimi Hendrix, og vert rekna som ein av dei beste gitaristane gjennom tidene, uansett sjanger. Magasinet Rolling Stone rangerte i 2003 Stevie Ray Vaughan som nummer 7 på lista deira over dei 100 største gitaristane gjennom tidene («Rolling Stone's 100 Greatest Guitarists of All Time»).

Han var fødd i Dallas, men flytte til Austin då han var 17 år gammal og starta musikkarrieren sin. Seinare arrangerte produsent John H. Hammond ein platekontrakt med han for Epic Records i 1983.

Vaughan var ein viktig musikar i Texas blues, ei høglydt, swing-driven blanding av blues og rock. Han vart den førande musikaren i bluesrock-stilen, med mange fjernsynsopptredenar og album på listene. Debutplata hans, Texas Flood, kom ut i juni 1983, og selde til dobbel platinaplate. Vaughan spelte innan mange andre stilartar, som jazz og balladar. Han var nominert til 12 Grammy-prisar og vann seks. Han vann fem W. C. Handy Award og vart innlemma i Blues Hall of Fame i 2000.

Vaughan spelte på ein Fender Stratocaster med bokstavane SRV pålimt. Denne gitaren kalla han «Number One», og er verdskjend for utsjånaden sin og den gode lyden. Med omvendt vibratoarm, over gjennomsnittet tjukke strenger (0.13/0.14 mm) og nedstemte strenger vert han hugsa for ein heilt spesiell gitarlyd som tusenvis av gitarister har prøvd å etterlikne. Han har blant anna gjeve overdrivepedalen Ibanez Tubescreamer sin heile spesielle plass i rockehistoria.

Vaughan spelte mesteparten av musikkarrieren sin saman med bandet Double Trouble, der han òg var vokalist og frontfigur. Av dei mest kjende låtane hans finn ein «Scuttle Buttin'», «Pride and Joy», «Mary Had a Little Lamb» og «Leave My Girl Alone», i tillegg til Hendrix-songane «Little Wing» og «Voodoo Child (Slight Return)».

Alkohol og narkotikamisbruk påverka helsa hans kraftig før han vart edru seint i 1986. Etter tre år utan nye album, gjekk Vaughan i studio igjen og gav ut In Step. Albumet gav han singelen «Crossfire» i juli 1989, som vart ein hit. Den 26. august 1990 spelte Vaughan på Alpine Valley Music Theatre som ein del av turneen hans i lag med Eric Clapton og Robert Cray føre eit publikum på om lag 25 000. Han forlet konserten den kvelden i eit helikopter som styrtar i ei nærliggande skiløype. Han vart stadfesta død nokre timar seinare.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Stevie Ray Vaughan