Stieg Larsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Unngå forveksling med den svenske forfattaren og dramatikaren Stig Håkan Larsson (f 1955).


Stieg Larsson
Nasjonalitet Flag of Sweden.svg Sverige Svensk
Fødd 15. august 1954, Skelleftehamn
Västerbottens län
Død 9. november 2004 (50 år), Stockholm
Yrke Journalist
Forfattar
Sjanger Kriminalroman


Stieg Larsson (15. august 19549. november 2004), døypenamn Karl Stig-Erland Larsson, var ein svensk forfattar, journalist og redaktør frå Skelleftehamn i Västerbottens län.

Liv og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Larsson arbeidde i 20 år som nyheitsgrafikar og journalist i Tidningarnas telegrambyrå. I arbeidet sitt som journalist og sakprosaforfattar var han særleg kjend for engasjementet sitt mot høgreekstremisme og rasisme. Han var ein av initiativtakarane til stiftinga eXpo med føremål å «studera og kartleggja antidemokratiske, høgreekstreme og rasistiske tendensar i samfunnet». Dei siste åra av livet sitt arbeidde han som sjefredaktør for tidsskrifta til stiftinga Expo. Larsson var ein av dei fremste ekspertane i Sverige og Europahøgreekstremisme og nynazisme.

Før han byrja å skriva kriminalromanar, manifesterte interessa hans for sjangerlitteratur seg først og fremst gjennom at han tidleg i livet gav ut science fiction-fanziner. Han sat lenge i styret for og vart til sist (1980) formann i Skandinavisk förening för science fiction.

2000-talet forfatta Larsson kriminalromanar under samlenamnet Millennium-serien, med ei handling voven rundt det umake paret Mikael Blomkvist og Lisbeth Salander. Ingen av bøkene vart utgjevne før Larsson døydde, men då den første (Män som hatar kvinnor, 2005) kom eitt år etter dødsfallet, vart han straks ein bestseljar. Romanen vart løna med Skandinaviska Kriminalsällskapet sin pris Glassnøkkelen. Larsson hadde byrja på ei fjerde bok i serien då han brått døydde av hjarteinfarkt, men familien har vorte samde om at den siste boka ikkje vil bli publisert.

Kampen om millionane[endre | endre wikiteksten]

28. mai 2008 sende SVT1 dokumentaren «Uppdrag granskning: Milleniummiljonerna». Det handla om Larsson og konflikten i familien etter at han gjekk bort. Grunna drapstrugsmål frå svenske nynazistar og behovet for å halde seg skjult, gifta Stieg Larsson og arkitekten Eva Gabrielsson seg aldri. Sidan dei ikkje var gifte, hadde ikkje Gabrielsson arverett. Ho fekk berre halvparten av bustaden som paret hadde budd i. Far hans og bror hans fekk rettane til litteraturen til Larsson.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Extremhögern – sakprosa (1991) (saman med Anna-Lena Lodenius)
  • Sverigedemokraterna: Den nationella rörelsen – sakprosa (2001) (saman med Mikael Ekman)
  • Debatten om hedersmord: Feminism eller rasism – sakprosa (2004) (saman med Cecilia Englund)
  • Sverigedemokraterna från insidan – sakprosa (2004) (saman med Richard Slätt, Maria Blomquist, David Lagerlöf m.fl.)
  • Män som hatar kvinnor (2005) (posthum)
  • Flickan som lekte med elden (2006) (posthum)
  • Luftslottet som sprängdes (2007) (posthum)

Til saman har krimbøkene Män som hatar kvinnor, Flickan som lekte med elden og Luftslottet som sprängdes selt 4,6 millionar eksemplar per 29. mai 2008. 750 000 av dei berre i Noreg.

Tre filmar baserte på trilogien er utgjevne, og to Tv-seriar er undervegs.

Omsetjingar til norsk[endre | endre wikiteksten]

Alle bøkene er omsette av Elisabeth Bjørnson, og gjevne ut av Gyldendal-forlag.

Norsk tittel Utgjeve Originaltittel Utgjeve
Menn som hater kvinner 2006 Män som hatar kvinnor 2005
Jenta som lekte med ilden 2007 Flickan som lekte med elden 2006
Luftslottet som sprengtes 2007 Luftslottet som sprängdes 2007

Prisar (alle tildelte posthumt)[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]