Stig André Berge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stig André Berge


Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. juli 1983 (40 år)
Oslo
Idrett bryting
Tok del i

Bryting under Sommer-OL 2012, Bryting under Sommer-OL 2008, Bryting under Sommer-OL 2016

Stig André Berge (fødd 20. juli 1983) er ein norsk brytar frå Groruddalen. Berge representerer Oslo Bryteklubb.

Stig André Berge har vunne tretten nasjonale titlar og to kongepokalar (2005 og 2008). I tillegg vann han sølv under EM i bryting i Sofia i 2007, og gull frå verdscupen same året.

Berge kvalifiserte seg til sommar-OL 2008 i Beijing, men rauk ut etter den fyrste kampen, der han møtte Nurbakyt Tengizbayev frå Kasakhstan. [1] Under eit stemne i Finland våren 2012 kvalifiserte han seg til OL på nytt [2], og tevlar for Noreg under sommar-OL 2012 i London. Berge bryt vanlegvis i 66-kilosklassen i Noreg, men fekk bryta i 60-kilosklassen i London. Diverre tapte han også her sin fyrste kamp; åttandedelsfinalen mot Hasan Alijev frå Aserbajdsjan og rauk med det ut av OL. [3]

Kjærasten til Stig André Berge, Rosel Utne, er også brytar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]