Stiklestad kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°47′49″N 11°33′37″E

Stiklestad kyrkje
Stiklestad kirke.jpg

Stiklestad  (2007) Robert Eliassen

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Nidaros
Prosti:  Sør-Innherad
Fellesråd:  Verdal
Sokn:  Stiklestad
Vigd til:  Heilag-Olav
Innvigd:  1180
Endringar:  ca 1500
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Materiale:  Stein
Kyrkjerommet
Plassar:  520
Commons-logo.svg
Stiklestad kyrkje på Commons

Stiklestad kyrkje er ei romansk langkyrkje frå 1180 i Verdal kommune i Nord-Trøndelag fylke.

Stiklestad kyrkje sett nordfrå
Foto: Robert Eliassen

I fylgje tradisjonen er kyrkja sett opp nett der Olav Digre Haraldson fall under slaget på Stiklestad, og steinen han i fylgje soga skal ha stødd seg til då Tore Hund gav han banesåret, Olavssteinen, skal ha vore bygd inn i altaret.

Kyrkja er i stein og har 520 plassar.

Olavssteinen[endre | endre wikiteksten]

I fylgje tradisjonen var steinen Olav Digre stødde seg til då han døydde, innmurd i altaret til etter reformasjonen då steinen skal ha vorte teken ut.

Olav og Olavssteinen slik Halfdan Egedius teikna han etter Snorre si skildring i Heimskringla.
Stiklestad kyrkje is located in Nord-Trøndelag
Plasseringa til Stiklestad kyrkje

Kyrkja vart restaurert til 900-årsjubileet i 1930. Då ein prost flytte frå Stiklestad på 1930-talet, vart ein stein med på flyttelasset hans til Toten. Steinen skal, i fylgje dottera til prosten, berre ha vore tilfeldig vald frå ein dunge som skulle køyrast vekk og kastast etter restaureringa, men så skal tanken ha kome opp i Verdal om at steinen som var førd til Toten skulle vere Olavssteinen. Rundt 1980 vart det ein del avisskriveri om saka, og etter eit mellomstopp hjå Riksantikvaren vart steinen førd attende til Stiklestad der han vart forvard av Stiklestad Nasjonale Kultursenter før han vart førd til Stiklestad kyrkje i 2006.

I fylgje ei geologisk undersøking utførd på Geologisk museum etter initiativ frå Riksantikvaren, var det ingen spor på steinen som tydde på at han kunne ha vore innmurd i verken altar eller grunnmur. Rapporten etter undersøkinga fortalde vidare at steinen var av ein type rullestein som er typisk for Stiklestad og han etter alt å døme var frå Verdal.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]