Stille vatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stille vatn er ein periode i sjøen utan tidvasstraumar. Dette skjer vanlegvis nær høgvatn og lågvatn i det retninga på tidvasstraumane snur.[1] Tidvasstabellar indikerer når det er flo og fjøre ved hamner og andre stader. Stille vatn kan reknast ut nøyaktig i dei fleste regionar ved hjelp av tidvasstabellar eller straumtabellar kombinert med anten eit tidvassatlas eller symbol på sjøkart.[2]

For dykkarar er det mykje lettare og symje og halde seg i ro når det er stille vatn, og det er mindre sannsynleg at dei driv bort frå ein båt eller frå land. Stille vatn kan derimot redusere sikta under vatn, sidan det ikkje er noko straum som fjernar sand og gjørme. Bortsett frå under straumdykking, er det vanleg at dykkarar planlegg dykka sine etter stille vatn i farvatn der tidvasstraumane kan vere sterke.

I somme delar av verda oppstår ikkje stille vatn samstundes med høgvatn eller lågvatn. Dette skjer i mange elve munningar der ein stor bukt, vik eller elv har ei lita opning ut mot havet, slik som The Rip mellom Point Nepean og Point Lonsdale i Victoria ved innløpet til Port Philip Bay i Victoria i Australia eller Gibraltar ved innløpet til Middelhavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://eezway.org/clinic/Oceanography/Resources/Tides.pdf[daud lenkje] The American Practical Navigator, s. 139
  2. Sport Diving, British Sub Aqua Club, ISBN0091638313, s. 167