Stilpnomelan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stilpnomelan

Stilpnomelan med kvarts, funne frå ein vegskjering nær Laytonville i California
Generelt
KategoriFylosilikat
Smektittgruppa
Kjemisk formelK(Fe2+,Mg,Fe3+)8
(Si,Al)12(O,OH)27·n(H2O)
Strunz-klassifisering09.EG.40
KrystallsymmetriTriklinsk pinakoidal
H-M-symbol: (1)
Romgruppe: P1
Einingscellea = 21.72 Å, b = 21.72 Å, c = 17.4 Å α = 124.14°, β = 95.86°, γ = 120°; Z=6
Identifikasjon
FargeSvart, grønaktig svart, gulaktig bronse, grønaktig bronse
KrystallformPlateaktig, skalforma og trådaktig med kamstruktur, radielle grupper
KrystallsystemTriklinsk
Kløyvperfekt på {001}, uperfekt på {010}
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala3 - 4
Glansglasaktig til matt
Strekfargegrå kvit
TransparensSubgjennomskineleg til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt2.77 - 2.96
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1.543 - 1.634 nβ = 1.576 - 1.745 nγ = 1.576 - 1.745
Dobbeltbrytingδ = 0.033 - 0.111
PleokroismeX: lys gylden gul til bleik gul. Y og Z: mørkeraudbrun, til mørkegrøn til nesten svart
2V-vinkel0-40 målt
Dispersjon (spreiing)Ingen
Kjelder[1][2][3]

Stilpnomelan er eit glimmerliknande mineral som opptrer i visse lågmetamorfe skifrar og i einskilde jernmalmførekomstar. Mineralet er eit hydroksylhaldig silikat med komplisert samansetjing, vesentleg med kalium og to- og treverdig jarn. Den kjemiske formelen er K(Fe2+,Mg,Fe3+)8(Si,Al)12(O,OH)27.

Det vart først skildra i 1827 etter ein førekomst i Mähren i Tsjekkia.

I Noreg er det mellom anna kjent frå einskilde grønsteinar og fyllittar, og dessutan frå druserom i grefsensyenitt i Oslofeltet og frå granittpegmatitt i Evje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]