Stimfisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stim)
Ein stim tropiske taggmakrellar

Stimfisk er fisk som sym i store, tett organiserte flokkar som oftast vert kalla stimar. Dette gjev dei ei rekkje fordelar; m.a. forsvar mot rovfisk og betre sjanser til å finna både mat og ein make. Det er òg sannsynleg at fisken får ein hydrodynamisk fordel av stiminga; det vil seie at han brukar mindre kreftar på å symja. Døme på stimfisk omfattar mellom anna sild, brisling og makrell.